Apotekar til Sjukehusapoteket i Haugesund

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Apotekar
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Sjukehusapoteka Vest HF (SAV) er eitt av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Dei fem sjukehusapoteka våre er tilknytta dei største sjukehusa i regionen og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og tenester med høg farmasifagleg kompetanse. Arbeidet vårt er fordelt på fire verksemdsområde: publikumsapotek, produksjon, sjukehusekspedisjon og farmasøytiske tenester. Ved Sjukehusapoteket i Haugesund (SiH) er det ein avdelingsleiar for kvart av desse forretningsområda, saman med apotekar utgjer desse leiargruppa til apoteket.
Det er om lag 40 tilsette ved apoteket i dag. Apoteket er inne i ein spennande periode med å etablere eit anlegg for å pakke om tablettar og kapslar til eindose som skal ut til sjukehusa i heile Helse Vest.

Vår mangeårige og dyktige apotekar har søkt nye utfordringar, og vi ser etter hennar etterfølgar. Her får du ei unik moglegheit til å leie og vidareutvikle eit stort, variert og spennande apotek i tett samarbeid med medarbeidarar og andre leiarar - og du får ei nøkkelrolle i arbeidet med å sikre trygge og gode apotektenester til sjukehus og pasientar i Helse Fonna. Du blir også ein viktig bidragsytar i SAV si toppleiargruppe, og leiaren din blir administrerande direktør.


Arbeidsoppgåver

  • Øvste leiar for apoteket med personal-, økonomi- og fagleg ansvar for apoteket si drift og utvikling innanfor rammene til SAV.
  • Følgje opp og utvikle vidare samarbeid med Helse Fonna.
  • Ansvar for å utvikle og sikre tenestetilbod på dei fire verksemdsområda.
  • Overordna ansvar for vidare oppfølging av anlegg for ompakking av tablettar og kapslar til eindose.

Kvalifikasjonar

  • Vi treng deg som har erfaring frå, trivst i og har forståing for leiarrolla i apotek.
  • Du har master i farmasi og fyller krava til å få driftskonsesjon for apotek.

Personlege eigenskapar

  • Du likar leiing og er genuint opptatt av å utvikle eiga leiargruppe og eigne leiarar innanfor gjeldande fullmakter.
  • Du er opptatt av fagleg utvikling og interessert i og nysgjerrig på fleire delar av farmasifaget.
  • Du fremjar samarbeid og bidreg til trivsel og eit godt arbeidsmiljø.
  • Du klarer å vere pragmatisk og handtere komplekse og pressa situasjonar.

Vi tilbyr

  • ei leiande rolle i eit dynamisk, stort og inspirerande fagmiljø, med eit viktig samfunnsoppdrag i botn
  • gode moglegheiter for å utvikle deg fagleg og som leiar
  • støttande og samarbeidsvillige leiarkollegaer
  • løn etter avtale

Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren


Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Bransje
Farmasi og legemiddel,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Farmasøyt,
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Apotek, Apoteker, Ledelse, Helse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tonje Folkvang
Stillingstittel
Administrerende direktør
Telefon
91 14 46 39
Følg firma
196 følger dette firmaet

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 347190535
Sist endret 8. apr. 2024 08:59

Rapporter annonse