Inaktiv

Har du lyst til å jobbe med diskrimineringsrettslege spørsmål?

Arbeidsgiver
Kultur- og likestillingsdepartementet
Stillingstittel
Rådgivar/seniorrådgivar - to midlertidige stillingar ledige frå sommaren 2024
Frist
25.04.2024
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet

Om stillinga

Kulturdepartementet søker to juristar til eit eittårig engasjement og eit seks månaders vikariat i avdelinga for likestilling, diskriminering og internasjonalt arbeid, begge stillingane med moglegheit for forlenging. 

Det er i gang fleire større arbeid innanfor departementet sitt diskrimineringsrettslege ansvarsområde, og vi søker etter deg som har interesse for å jobbe med juridiske saker i eit departement. Du bør har spesiell interesse for og helst erfaring med diskrimineringsrett og EU/EØS-rett. Det er ein fordel om du òg kjenner til dei internasjonale FN-konvensjonane på området. I det eittårige engasjementet er det spesielt relevant med kjennskap til FNs konvensjon om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD). Stillinga er plassert i seksjonen for juridiske og internasjonale saker. Oppgåvene er varierte og ikkje berre av juridisk karakter
 

KUD er eit relativt lite departementet prega av mykje offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Du vil bli del av eit vitalt og tverrfagleg fagmiljø med mange engasjerte og kompetente medarbeidarar.


Arbeidsoppgåver

  • juridiske oppgåver på heile bredda av diskrimineringsretten
  • lovarbeid
  • vurdering og implementering av relevant EU-regelverk på området
  • deltaking i arbeid med og oppfølging av dei internasjonale konvensjonane på området
  • generelle oppgåver innanfor heile ansvarsområdet til avdelinga

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som

  • har juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat
  • har relevant arbeidserfaring
  • er svært tale- og skrivefør
  • har gode engelskkunnskapar
  • jobbar systematisk, nøye og med eit høgt presisjonsnivå
  • har kjennskap til og erfaring med folkerett/diskrimineringsrett og relevante FN-konvensjonar
     

I tillegg ønskjer vi at du
•    er fleksibel, sjølvstendig og har svært gode samarbeidsevner
•    har evne til strategisk og analytisk tenking
•    har god forståing for forholdet mellom politikk og forvaltning og for embetsrolla
•    har erfaring frå offentleg forvaltning og helst departementserfaring
•    er initiativrik, utviklingsorientert og har gjennomføringsevne

Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga, og du må være budd på å stille kompetansen din til disposisjon for andre seksjonar og avdelingar i departementet.


Vi tilbyr

  • spennande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
  • eit godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og kompetente kollegar
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • god pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse

Kultur - og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vil få brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing får du høve til å halde deg fagleg oppdatert.

Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.

Tilsetjing som rådgivar eller seniorrådgivar, avhengig av erfaring.
For å bli vurdert som seniorrådgivar må du normalt ha minst fem års erfaring som er direkte relevant for stillinga, og for rådgivar minst 2 år relevant erfaring.
Brutto årslønn for rådgivar: frå kr 548 600 til 679 000.
Brutto årslønn for seniorrådgivar: frå kr 657 300 til 821 100.
For spesielt kvalifisert søkarar kan høgare lønn vere aktuelt.

For engasjementet med varigheit i 6 månader kan og stillingskode 1408 Førstekonsulent vere aktuelt. Bruttolønn for Førstekonsulent: frå 524 700 (ltr 53) til 594 500 (ltr 61).


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv for at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en og med innvandrarbakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du fell inn under ein av dei nemde kategoriane. Vi vil kalle inn minst éin kvailifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Les meir om krava på arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).  

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Cecilia Schwoerer Lyche på e-post: cecilia-schwoerer.lyche@kud.dep.no eller på tlf. 911 87 173 eller fagrådgiver Anne Jorun Ballangrud på tlf. 932 09 736


Om arbeidsgiveren

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no, og her kan du lese meir om å jobbe i KUD.

Sektor
Offentlig
Sted
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Cecilia Schwoerer Lyche
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Følg firma
1387 følger dette firmaet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 347117005
Sist endret 26. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse