Operatør Malar, med og utan fagbrev

Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Stillingstittel
Operatør Malar, med og utan fagbrev
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Ulstein Verft er inne i ei spanande fase med fleire signerte kontrakter på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire operatørar - med og utan fagbrev - i teamet vårt.

Vi er på jakt etter deg med interesse for skipsbygging og skipsoppgradering. Hos oss vert du utfordra gjennom nye oppgåver og vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg.

Personleg utvikling er viktig for trivsel, så om du ikkje har alle kvalifikasjonane vi er ute etter, vert du likevel oppmoda om å søkje.

Korleis er det å jobbe i Ulstein Verft?
Det å jobbe på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spanande og utfordrande oppgåver som skal løysast og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak foregår innandørs i vår utrustnings- og dokkhall. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, påliteligheit og leveringspresisjon.


Oppgåver du vil jobbe med

Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blandt anna innebere:

  • Forbehandling og maling av innvendige og utvendige område, nybygg
  • Bistå med vask, forbehandling og maling av utvendige skip, ettermarknadsoppdrag
  • Arbeid i sandblåse- og malehall ved behov

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg med relevant fagbrev og erfaring innan malarfaget. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene i fellesskap. Manglar du fagbrev? Vi kan vere behjelpeleg med å få tatt dette hos oss.

Lagånda står sterkt i Ulstein og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre og gjere Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn.

    Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

    Ulstein Verft byr på variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar samt fleksitidsavtale for våre tilsette.

    I hjartet av Sunnmøre

    Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunene rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane

    Om arbeidsgiveren


    ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
    Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

    Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

    Sektor
    Privat
    Sted
    Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
    Bransje
    Verksindustri,
    Maritim og offshore,
    Industri og produksjon
    Stillingsfunksjon
    Produksjon
    Arbeidsspråk
    Norsk,
    Engelsk

    Nøkkelord

    Operatør, Fagarbeider, Maritim industri, Skipsverft, Produksjon

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Roy Nerland
    Stillingstittel
    Supervisor
    Telefon
    94 81 02 68
    Kontaktperson
    Stig Slettebakk
    Stillingstittel
    Department Manager Outfitting & Steel
    Telefon
    91 58 10 13
    Følg firma
    77 følger dette firmaet

    Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 347116923
    Sist endret 5. apr. 2024 16:02

    Rapporter annonse