Disiplinleiar - Produksjon Stål

Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Stillingstittel
Disiplinleiar Produksjon Stål
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?

Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet.

Vi er på jakt etter deg med interesse for skipsbygging. Du vert ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team som er ein viktig del av projektgjennomføringa hos oss. Du vil få ein innhaldsrik og variert kvardag i tett samarbeid med dyktige kollegaer frå fleire områder i vår organisasjon.

Stillingaomfattar sjølvstendigarbeid og haransvar forfagfeltet Steel & Outfitting, samt koordinering av personell innan aktueltfagfelt og prosjekt.Personleg utvikling er viktig for trivsel so om du ikkje har alle kvalifikasjonane vi er ute etter, vert du likevel oppmoda om å søkje.


Korleis er det å jobbe i Ulstein Verft?

Det å arbeide på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spennande og utfordrande arbeidsoppgåver som skal løysast, og du jobbar i lag med mange andre dyktige kollegaer.


Oppgåver du vil jobbe med

  • Vere prosjektet sin ansvarlege for ditt fagfelt
  • Sørge for at produksjon blir gjort i samsvar med spesifikasjon, på tid og innanfor prosjektet si timeramme
  • Koordinere aktivitetar innanfor fagområdet i produksjonen
  • I periodar kunne gå inn i rolla som assisterande prosjektleiar med ansvar for koordinering av aktivitetar innanfor fagområde mot produksjon, teknisk område og innkjøp
  • Rapportere og grunngje eventuelle avvik til prosjektleiar og/eller avdelingsleiar
  • Utforme eventuelle endringsordra (Change Orders)
  • Støtte og delta i ettermarknadsarbeid
  • Fremme god kommunikasjon og samarbeid i prosjekta
  • Støtte prosessen med ressursallokering til prosjekta
  • Oppfølging av bortsett arbeid
  • Støtte mot Site Team utland

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har relevant utdanning som fagskule eller høgskule innan tekniske og maritime fag, og som har god produksjons- og teknisk forståing. Har du relevant erfaring frå leiing - og gjerne innan maritim industri vil det vere ein fordel. Du må også kunne kommunisere både på norsk og engelsk, og det er svært nyttig å ha god systemforståing.

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

Ulstein Verft byr på ein variert jobb, gode kollegaer og moglegheiter for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette.

I hjartet av Sunnmøre

Om du treng flytte for å jobbe i Ulstein Verft, så er både Ulsteinvik og kommunene rundt ein flott plass å bu. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restuarantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng ein enkelt kan nå til fots, på sykkel eller ski. Og Ålesund er ikkje langt unna.

Om arbeidsgiveren


ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Sektor
Privat
Sted
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Bransje
Industri og produksjon,
Maritim og offshore,
Verksindustri
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Prosjektledelse,
Produksjon
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

Skipsbygging, Verftsindustri, Fagleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stig Slettebakk
Stillingstittel
Department Manager Outfitting & Steel
Telefon
91 58 10 13
Følg firma
77 følger dette firmaet

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 347116162
Sist endret 5. apr. 2024 15:57

Rapporter annonse