Inaktiv

Organisasjonskonsulent

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Organisasjonskonsulent
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Organisasjonskonsulent

Høgskulen på Vestlandet, Studentinget, har ledig stilling som organisasjonskonsulent

Høgskulen på Vestlandet har ledig vikariat som organisasjonskonsulent i 100 % stilling i tida 1. juni 2024 til 31. mars 2025. Arbeidsstad er Campus Bergen.

Studenttinget på Vestlandet (STVL) er det øvste studentpolitiske organet ved Høgskulen på Vestlandet. Studenttinget er eit lovfesta organ som skal ivareta studentane ved HVL sine interesser og fremme studentane sine synspunkt opp mot leiinga på høgskulen, styret og andre aktuelle aktørar.

Organisasjonskonsulenten skal vere ein ressurs for studentdemokratiet og studentorganisasjonane ved HVL, både administrativt og politisk. Stillinga skal fungere som bindeledd i praktiske saker, sjå til at det er kontinuitet i samhandlinga med høgskulen og vere praktisk tilretteleggjar for studentdemokratiet og studentorganisasjonane. Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver og arbeidskvardag.

I det daglege arbeider organisasjonskonsulenten ofte saman med tillitsvalde i Studenttinget og dei andre to organisasjonskonsulentane ved HVL. Stillinga har arbeidsstad i Bergen og formell rapporteringsline til leiar for Avdeling for studieadministrasjon ved HVL.

Den som vert tilsett må rekna med noko ettermiddags- og kveldsarbeid. I samband med møte og konferansar i regi av Studenttinget, må du rekna med inntil 3-4 arbeidshelgar i løpet av semesteret.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

 

  • Sekretæroppgåver for Studenttinget, slik som innkalling, referat og praktisk tilrettelegging.
  • Oppfølging av budsjett og regnskap for Studenttinget.
  • Gi råd til leiinga av Studenttinget i politiske saker.
  • Opplæring og oppfølging av tillitsvalde.
  • Oppfølging av studentråd og studentorganisasjonar.
  • Koordineringsoppgåver og andre førefallande administrative oppgåver.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på bachelornivå eller tilsvarande. Lang og relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • Erfaring frå organisasjonsarbeid, politisk arbeid eller liknande arbeid vert vektlagd, helst frå universitets- og høgskulesektoren.
  • Grunnleggande kunnskapar om IT/programmering, økonomistyring og/eller grafisk design vil vere ein fordel.

Personlege eigenskapar:

  • Gode relasjons- og samarbeidsevner, god på å jobbe i team og vere trygg i større forsamlingar.
  • God rolleforståing.
  • Gode språkkunnskapar i både norsk og engelsk, skriftleg og munnleg.
  • Kunne jobbe sjølvstendig og ta ansvar og initiativ.
  • Fleksibel og kan jobbe med fleire prosjekt parallelt.
  • God IKT-kompetanse.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som Organisasjonskonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - Førstekonsulent, stillingskode 1363 - Seniorkonsulent

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no (http://www.nokut.no) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar, Espen Fosse, 917 59 332


Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider. (https://www.hvl.no/)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Konsulent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Espen Fosse
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
91 75 93 32
Følg firma
968 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 347104528
Sist endret 22. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse