Lærlingar Produksjon

Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Stillingstittel
Lærlingar Produksjon
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Lærling

Vil du starte di maritime karriere i Ulstein? Ulstein Verft har lang tradisjon for inntak av lærlingar, og ettersom vi har ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet ønskjer vi deg som er lærevillig og fagleg interessert i skipsbygging.

Vi ser etter deg som kan vere med på å utvikle og skape resultat samstundes som du fullfører ditt læreløp i eit sosialt og lærererikt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

Ulstein Verft har ein velfungerande produksjon med høg kompetanse og dyktige medarbeidarar som ivaretek våre lærlingar på ein god måte. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø der vi har stor fokus på å utvikle din fagkompetanse.

Vi søker etter interesserte og lærevillige kandidatar innan fylgjande fagfelt:

  • Industrirøyrleggjarfaget
  • Stillasbyggarfaget
  • Industrimekanikarfaget

Hjå oss vil du få fagopplæring etter læreplan, og vi vil fylgje opplæringa di fram til bestått fagbrev. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og kan blant anna innebere prefabrikkering og montering av ulike konstruksjonar. Vidare vil montering av dører, vindauge, eksos, veggar og dekksutrusting kunne vere relevante arbeidsoppgåver ut i frå avdelingstilhørsle. Det vil også bli gittopplæring i bruk av spesialverktøy og i bruk av ulike material og profiltypar.

Kvalifikasjonar

  • VG1
  • VG2

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interessert
  • Engasjert
  • Pliktoppfyllande
  • Kvalitetsbevisst
  • God HMS-haldning
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Dyktige fagarbeidarar og rettleiarar som fylgjer deg i heile læretida, og sikrar deg variert praksis
  • Eit godt og etablert læringsmiljø
  • Fleksitidsordning
  • Løn iht. tariff
  • Moglegheiter for relevante kurs

Det er gode moglegheiter for vidare arbeid etter endt læretid.

Om arbeidsgiveren


ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Sektor
Privat
Antall stillinger
3
Sted
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Bransje
Industri og produksjon,
Maritim og offshore,
Verksindustri
Stillingsfunksjon
Produksjon
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Skipsindustri, Verftsindustri, Opplæring, Fagbrev, Utdanning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Ove Sørensen
Stillingstittel
Head of HSE
Telefon
90 01 67 47
Kontaktperson
Anne Holm Roppen
Stillingstittel
HR Advisor
Telefon
48 92 43 32
Følg firma
77 følger dette firmaet

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 347088693
Sist endret 5. apr. 2024 12:55

Rapporter annonse