Inaktiv

Miljøveileder

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Miljøveileder
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Me har ledig stilling som miljøveileder ved Klepp ungdomsskule.

Klepp ungdomsskule er ein ungdomsskule i Klepp kommune på Jæren. Skulen har rundt 340 elevar og rundt 45 tilsette.Skulen ligg på Kleppe og får elevar frå tre barneskular: Kleppe skule, Horpestad skule (2025: Kleppelunden skule) og Engelsvoll skule.

Skulen har sidan 2011 arbeidd etter Respektprogrammet - som er eit program for trygt skulemiljø og klasseleiing. Me legg vekt på relasjonar, trygt og godt læringsmiljø og tydelege grenser. Skulen er ein del av Jærskulen og Jærnettverket.


Arbeidsoppgåver

Ansvar for enkeltelevar og for grupper av elevar.

Arbeida for å skapa eit miljøteam på skulen.Miljøteamet vil vera samansett avmiljøveiledarar og miljøarbeidarar, derdu har eit ekstra ansvar i drift av dette teamet. Teamet vil driva førebyggjande sosialfagleg arbeid, delta eller leia systemretta arbeid i skulen og rundt elevarfor å sikra eit trygt og godt skulemiljø.

Støtta lærarane og miljøpersonalet i det daglege arbeidet, og delta i oppfølging av utfordrande enkeltsaker.

Du hareit blikk for alle elevane på skulen, og samarbeider tett med pedagogane, miljøpersonalet og leiinga.

Du kan i enkelte sakar ta ansvar for samarbeid med foreldre/føresette, og samarbeide med helsesjukepleiar, PPT og andre samarbeidspartnarar.

Dokumentasjon inn mot elevarkivet er naturleg del av arbeidet.

Kvalifikasjonar

3-årig relevant høgskuleutdanning

Før oppstart må det leggjast fram tilfredsstillande tuberkulinstatus i tråd med forskrift om tuberkulose kontroll, samt politiattest i tråd med opplæringslova § 10-9

Personlege eigenskapar

  • Du er empatisk og omsorgsfull person, ein tydeleg og trygg vaksen med varme i blikket
  • Du toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du likar samarbeid og relasjonelt arbeid både med og rundt elevane
  • Du tek ansvar og initiativ i ei kollegagruppe
  • Erfaring frå arbeid i ungdomsskule er fordel

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Ein flott arbeidsplass med høg trivsel blant dei tilsette. Me har fokus på gode relasjonar mellom elevane og dei vaksne.

Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram frå utlysing, og gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Løn i høve til lokal lønnspolitikk.

Vi ber om at alle attestar og vitnemål som er aktuelle for rett lønsplassering blir lagt ved søknaden i Webcruiter.

Sektor
Offentlig
Sted
Stasjonsvegen 26B, 4352 Kleppe
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Veileder
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Miljøveileder skole

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigurd Ravndal
Stillingstittel
Rektor
Telefon
92 86 81 54
Følg firma
244 følger dette firmaet

Stasjonsvegen 26B, 4352 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 347088500
Sist endret 22. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse