Er du vår neste webutviklar i Vik, Sogndal eller Bergen?

Arbeidsgiver
HIGHSOFT AS
Stillingstittel
Web Developer
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HIGHSOFT AS

Me ser etter deg som er lidenskapeleg opptatt av programmering, og som kan hjelpe oss å vidareutvikle nettsidene våre til å møte framtida. Du har erfaring som fullstack- eller front-end utviklar, og kanskje har du eigne hobbyprosjekt på sida. Du likar å få leike med ny teknologi og ulike rammeverk, som ein nysgjerrig oppdagelsesreisande i den digitale verda.


Du kjenner deg att i noko av dette

- Nokre års arbeidserfaring med utvikling, gjerne innan webshops og nettsider

- Ein kodeknekkar innan eit eller fleire av desse teknologiane: Wordpress, PHP, React, HTML & CSS. 

- Du har kjennskap til arkitektur og API

- Pluss om du har jobba med Wordpress og Woocommerce

- Høgare utdanning? Fint det og, men for oss er det viktigaste kva du kan - og ikkje minst at du har lyst!


Tenkte arbeidsoppgaver

Highsoft har allereie nådd langt, men vi skal lengre enn langt. Difor går vi i gang med nye system, og vi treng ekspertar som deg. Du vil i stor grad jobbe med å setje saman system og holde på med API og integrasjonar. Du vil òg spele ei nøkkelrolle i å forme framtida for nettbutikken vår, nettsider og kanskje blir du med å forme ein heilt ny kundeportal? 


I webteamet jobbar ein tett saman for å bygge dei beste nettsidene. Du er flink til å dele kunnskap og lære av andre, og me har fokus på fagleg utvikling og mangfald. Men av og til, som einkvar superhelt, treng også du litt tid aleine til å fokusere og konsentrere deg om å bygge flotte digitale mesterverk. Du er tålmodig, for du veit det kan ta tid å finne feil og å optimalisere kode - og det gir vi deg rom til.


Arbeidskvardagen

Her får du kollegaer som har lidenskap for det dei driv med. Me ynskjer at du skal bli godt ivareteken, og du vil få din eigen Highsoftar som mentor til å vise veg i Highsoft-kvardagen. Dei gode diskusjonane kan vi ta over eit parti dart, eller ein god kaffikopp. For oss i Highsoft er det viktig å ta vare på kvarandre. Vi ynskjer at folka våre skal ha det bra, og vi strekkjer oss langt for å det til. Hjå oss treng ingen å vere like. Vi har faktisk vår eigen Happinessdepartement, proppa med gode, og av og til mindre gode idear - men då står det til ein god latter. Du er velkommen til å bidra, her er alle innspel velkomne!


Me har hovedkontor i Vik, kontor på RocketHouse i Sogndal og kontor på Media City Bergen. For den rette kandidaten er me absolutt opne for å vurdere anna kontorplass enn Vik.


Er du klar for å setje utviklinga i fokus?

Greidde vi å vekkje interessa, eller er du fortsatt usikker? Hvis du ønskjer meir info eller vil snakke med oss om stillinga så ta for all del kontakt.

Me har ikkje låst oss til en spesifikk profil og tek gjerne ein uformell prat. Ta kontakt med Jørgen Tistel på tlf. +47 971 32 057. 

Om arbeidsgiveren

We're a company located in Vik i Sogn between mountains and fjords. Nonetheless, we are the market leader in online charting tools with over 80 of the world’s largest companies as customers.

Nettverk
Facebook, X
Sektor
Privat
Sted
Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Internettbaserte tjenester,
IT,
IT - programvare
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Front-end,
IT utvikling / Full stack utvikler,
IT utvikling / Utvikler (generell)
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

web, developer, programming, webutvikler, html

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jørgen Tistel
Stillingstittel
CTO
Mobil
97 13 20 57
Følg firma
49 følger dette firmaet

Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn

Annonseinformasjon

FINN-kode 347065653
Sist endret 25. apr. 2024 13:53

Rapporter annonse