Inspektør Site - Stål

Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Stillingstittel
Inspektør Site - Stål
Frist
06.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?

Ulstein Verft, som er ein del av skipsbyggingsområdet i Ulstein Group, er inne i ei spanande fase med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet og vi har difor behov for å auke bemanninga vår knytt til skrogbygging utland.

Vårt Site team i utlandet består av Site Manager og Assistant Site Manager i tillegg til inspektørar for ulike fagdisiplinar. Vi er på jakt etter deg med personleg driv til å planlegge og gjennomføre skrogbygging i samarbeid med site-teamet vårt. Arbeidsstad er per no i Gdynia, Polen, og stillinga er basert på rotasjonsordning.

Søkjarar vil verte vurderte fortløpande.


Oppgåver du vil jobbe med

  • Inspeksjon og oppfølging av våre prosjekt i utlandet
  • Utvikling og oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar innan fagområdet
  • Oppfølging mot teknisk avdeling, klasseselskap og reiarlag
  • Assistere Site Manager ved rapportering
  • Ved behov, vil ein kunne verte omprioritert til oppgåver ved Ulstein Verft sitt anlegg i Noreg

Kvalifikasjonar, kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Har du kvalifikasjonane vi ser etter vil vi gjerne kome i kontakt med deg

  • Fagleg kompetanse innan stål og skrogbygging
  • God tverrfagleg teknisk forståing
  • Erfaring frå skipsbygging og maritim næring vil verte vektlagt
  • Gode engelskkunnskapar

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

Ulstein Verft byr på ein variert jobb, gode kollegaer og moglegheiter for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar.

Vi tilbyr

  • Rotasjonsordning
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Om arbeidsgiveren


ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Sektor
Privat
Sted
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Bransje
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
Produksjon
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Inspektør, Inspector, Maritim, Site team, Skipsbygging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Osnes Gjerde
Stillingstittel
Hull Manager
Telefon
99 59 71 75
Følg firma
77 følger dette firmaet

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 347061123
Sist endret 26. apr. 2024 08:01

Rapporter annonse