Inaktiv

Har du lyst å leie og utvikle Strøno barneskule?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Strøno barneskule
Stillingstittel
Rektor i 100 % stilling
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi søker deg som ønsker å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle arbeidsplassen og skulen for dei tilsette og for elevane. Skulen treng ein rektor som gjennom begeistring og engasjement vil jobbe på ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Rektor skal vera pådrivar i arbeidet med skulen som organisasjon, profesjonelt læringsfellesskap og som ein inkluderande arbeidsplass.

Som skuleleiar i Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta forå skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. I området Oppvekst ligg barnehagar, skular, PPT, barnevernstenesta og førebyggande helseteneste med nærjordmorsenter, helsestasjon og skulehelseteneste. Som leiar innan oppvekstområdet inngår du i eit tverrfagleg leiarfellesskap. Det er tett samarbeid mellom skuleadministrasjonen og rektorgruppa.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, læringsmiljø- og pedagogisk analyse og rammer for lesing. 

Arbeidsstad:
Strøno barneskule er ein få-delt skule på øya Strøno, i Bjørnafjorden kommune. Skuleåret 2023-24 er vi 51 elevar frå 1. 7. klasse og vi er 9 tilsette. Aldersblanding og klassetrinn som går ilag gjer at alle kjenner alle, noko som skaper eit trygt og oversiktleg miljø. Vi ønskjer å gje elevane våre faglege utfordringar, gode opplevingar og kjekke aktivitetar både som individ, saman med klassen og i aldersblanda grupper.

Strøno barneskule skal vere ein trygg stad for utvikling og vekst for elevar og tilsette. Vår visjon er "Elevar i aktivitet og læring!". For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår: https://www.stronobarneskule.no/

Arbeidsoppgåver:
- Å vera tydeleg leiar for alle på skulen
- Å leie pedagogisk utviklingsarbeid
- Økonomiansvar
- Forvaltningsoppgåver
- Overordna personalansvar
- Å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
- Samarbeid med politisk og administrativt nivå
- Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:
Relavant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Ønska kvalifikasjonar:
- Relevant leiareutdanning/leiarerfaring
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging
- Undervisningskompetanse
- God IKT- kompetanse

 Vi ser etter deg som
- er løysingsorientert og har fokus på organisering
- har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
- har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
- har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Leiarstøtte og mentor-ordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no. For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke.  Dersom anmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson:
Janne Martha Efteland Eik, fagsjef skule, mobil 934 05 978,

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

rektor, undervisning, skole, barn

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janne Martha Efteland Eik
Telefon
93 40 59 78
Følg firma
482 følger dette firmaet

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 346971087
Sist endret 22. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse