Inaktiv

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Eikelandsosen barneskule
Stillingstittel
Undervisningsstillingar ved Eikelandsosen barneskule
Frist
18.04.2024
Ansettelsesform
Lærling
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig ei fast 100 % undervisningsstilling og eitt 80 % årsvikariat ved Eikelandsosen barneskule frå dato 01.08.2024

Vi søkjer deg som vil vere med på å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skape trygge oppvekstvilkår. Vi arbeider i tråd med Læreplanverket Kunnskapsløftet 2020 og utviklar oss kontinuerleg for å halde fram å vere ein god utdanningsarena for elevane og ein god arbeidsplass for dei vaksne.

Eikelandsosen barneskule har kring 75 elevar frå 1.-7. årssteg og kring 10 tilsette. Skulen ligg fint til i solrik sørhelling, er sentralt plassert ved Fusa ungdomsskule, Fjorden Arena og sentrumsfunksjonar i Eikelandsosen.

Arbeidsoppgåver:
Kontaktlæraroppgåver og undervising i norsk, matematikk og andre grunnskulefag på 1.-7. årssteg.

Kvalifikasjonar:
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet jamfør forskrift til opplæringslova § 14 - 1 og 14 - 2. .
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Kompetanse og erfaring innan byrjaropplæring er ein fordel. Erfaring innan opplæring og kontaktlærararbeid vil vere positivt.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar:
Du må vere ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Samarbeid gjeld både elevar, foreldre og kollegaer. Vi ynskjer tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøve ut nye arbeidsmåtar. Du må vere fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunne delta aktivt i pedagogisk og organisatorisk utviklingsarbeid.

Vi tilbyr:

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring. For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasseLøn etter gjeldande avtalarVi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke.  Dersom anmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger

Nøkkelord

Undervisning, Undervisningsstilling, Lærer, Lærar, Lektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Søvik
Telefon
40 43 29 19
Følg firma
483 følger dette firmaet

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 346958480
Sist endret 19. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse