Inaktiv

Vil du vere med å gje barn og unge i Bjørnafjorden kommune trygge oppvekstvilkår?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa barneskule
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent
Frist
18.04.2024
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Ved Fusa barneskule blir det ledig årsvikariat i 89 % som fagarbeidar/assistent i skule og SFO frå 14.08.24 til 31.07.25

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk

Arbeidsstad
Fusa barneskule er kommunal barneskule for Fusa, Vinnes og Strandvik. Skulen er firedelt og har 47 elevar i 1. til 7. trinn skuleåret 2023 - 2024. Visjonen vår er "Vekst og glede i leik og læring". Skulen vart bygga kring 1920 med tilbygg på 1980-talet og ombygging i 2006 og 2010. Skulen ligg fint til i skogkanten med utsyn til fjord og fjell. Vi jobbar for å leggje til rette for at elevane skal vere aktørar og medspelarar i læringa, der dei opplever å høyre til i eit positivt og trygt fellesskap. Skulen sitt nærmiljø er ein viktig arena for læring, og skulen har gode uteområde for undervisning i uteskule. Det er også svært gode turmoglegheiter i skog, fjell og ved sjø. Vi arbeider kontinuerleg med samarbeid, respekt, toleranse og kreativitet. Vi er opptatt av å leggje til rette for eit godt miljø i bygda og på skulen, og er glad for at vi har eit aktivt og godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartnarar i nærmiljøet. Fusa barneskule er ein Gledingskule. Det betyr at vi i personalet, med elevane og foreldra, har kontinuerleg fokus på det positive vi vil ha meir av framfor det negative vi vil ha mindre av.

Du kan lese meir om Fusa barneskule på nettsida vår: https://fusa.barneskule.no ArbeidsoppgåverArbeid med barn i skule og SFO. Du må kunne vere saman med elevar i læringssituasjonar. Du må tilretteleggje for leik og samspel. Du må kunne veilede og vise omsorg. Våre nye medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen.

Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget, men søkarar med anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert. Erfaring med å jobbe med born vil vere ein fordel. Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
 Personlege eigenskapar
Du er ein relasjonsbyggar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Du likar å jobbe i team, men er òg god på å jobbe sjølvstendig.Du er strukturert, tydeleg og ein stødig medarbeidar med gode evner til å kommunisere. Du er glad i å jobbe med born, er løysingsorientert og tydeleg i vaksenrolla. Du er engasjert i jobben din, lojal, fleksibel, omsorgsfull og viser vilje til endring og utvikling. Du er blid, positiv og har mykje godt humør.

I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
 Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Trygge kollegaer og fagleg rettleiing
- Inkluderande arbeidsmiljø med mykje arbeidsglede
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger

Nøkkelord

Fagarbeidar, Fagarbeider, Assistent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linn Overå Waage
Telefon
95 74 76 50
Følg firma
483 følger dette firmaet

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 346956820
Sist endret 19. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse