Inaktiv

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Halhjem barneskule
Stillingstittel
Undervisningsstillingar ved Halhjem barneskule
Frist
19.04.2024
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har følgande stillingar ledig:

A: 100% kontaktlærarstilling vikariat frå 01.08.24 01.04.2025

B: 20% pedagogstilling knytt til vikariat frå 01.08.2024-31.07.2025

C: 100% pedagogstilling/årsverk knytt til variabelt fråvær på 3 barneskular frå 01.08.2024 31.07.2025

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Bjørnafjorden kommune med ca. 26.000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid, ca. 25 minutt frå Halhjem til Bergen sentrum.

Arbeidsstad
Halhjem barneskule ligg i sentralt i bustadområde på Halhjem på sør på Os-sida i Bjørnafjorden kommune. Gode bussforbindingar til Bergen med 600-linja like ved flotte skulen vår. Skuleåret 2024/25 er det 109 elevar og i underkant av 20 medarbeidarar. Skulen ligg flott plassert med naturen tett på og gode fasilitetar for ein aktiv skuledag året rundt. Søre Neset idrettsanlegg er vår nabo og vi har dermed lett tilgang til fotballbaner, volleyballbane, skatepark etc. Vårt arbeid er forankra i visjonen vår: "Med trivsel, tryggleik og læring opnar vi dører mot verda og framtida". Satsingsområda våre tek utgangspunkt i LK20 og vi jobbar kontinuerleg med grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning. Godt skule- og læringsmiljø er alltid i fokus. I tillegg til satsingsområde knytt FAL, fysisk aktiv læring.

Arbeidsoppgåver
A: 100% vikariatstilling som kontaktlærar (pedagog) frå 1.august 2024 1.april 2025. Kontaktlæraransvar på 2.trinn. Det er 26 elevar på trinnet og to kontaktlærarar.

B: 20% vikariatstilling som faglærar (pedagog).

C: 100% pedagog knytt til variabelt fråvær på tre barneskular skuleåret 2024/25 arbeidsstad Halhjem barneskule, Søre Øyane barneskule og Strøno barneskule. Halhjem barneskule vil vere arbeidsgivar, og stillinga vil organiserast til det beste for arbeidstakar og skulanes behov knytt til akutt fråvær og undervisning. Skulane og pedagog vil ha samarbeid, evaluering og justering fortløpande gjennom skuleåret.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Det vil sei at du må kunne vise til både:

- "godkjenning av utanlandsk høgare utdanning" 
- "godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage"
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar/kompetanse
Vi ønsker at søkar har erfaring med begynnaropplæring, samt kompetanse, interesse og erfaring med symjing og uteskule. Det er óg eit pluss om søkar har kompetanse i praktisk-estetiske fag som kunst og handverk og/eller musikk. Vi ser etter ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell, og som deltek aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.

Vi treng medarbeidarar som:

- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegiet
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er kreativ og kan bruke alternative læringsarena (uteskule), og gjerne har kjennskap til FAL.
- kan ha symjeundervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- positiv, engasjert og aktiv deltakar i utviklingsarbeid, skulemiljø og arbeidsmiljø.

Søkarane vil bli vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar vert fortløpande kalla inn til intervju. Det kan vere moglegheit for oppjustering av stilling ved ev. behov.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger

Nøkkelord

Undervisningsstilling, Lærer, Lærar, Pedagog, Undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Starheim
Telefon
99 69 12 62
Følg firma
484 følger dette firmaet

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 346954618
Sist endret 20. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse