Konsulent/spesialkonsulent

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Konsulent/spesialkonsulent
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Har du lyst å vere med og bygge opp eit fagmiljø som skal utvikle og drifte rekneskapen i Vestland fylkeskommune?

Avdeling for organisasjon og økonomi har ledig ei fast stilling som konsulent/spesialkonsulent ved seksjon for økonomi/rekneskap. Stillinga inngår i eit team som arbeidar med rekneskap og rapportering.

Vi treng kollegaer som er systematiske, løysingsorienterte og har gode samarbeidsevner.

Vestland fylkeskommune er ein stor organisasjon med i overkant av 6000 tilsette spreidd over heile fylket. Driftsrekneskapen for 2022 synte i overkant av 17,1 milliardar i driftsinntekter med eit netto driftsresultat på omlag 1,3 milliarder.

Vi ser det som viktig å ha dyktige medarbeidarar som i samarbeid med resten av organisasjonen skal arbeide for å sikre at alle rekneskapsdata kvart år blir satt saman til eit årsrekneskap utan vesentlege feil eller manglar.Vi er leiande på område for automatisering og effektivisering ved handsaming av store datamengder knytt til økonomi og rekneskap.

Les meir om oss her:Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune


Arbeidsoppgåver

  • Rekneskapstenester som fakturering, fakturakontroll, remittering, avstemmingar m.m.
  • Rådgjeving, fagleg støtte og andre hjelpetenester til resten av organisasjonen
  • Administrering og utvikling av rutiner og system
  • Ekstern rapportering
  • Prosjektarbeid

Ansvar og arbeidsoppgåver vil bli tilpassa den best eigna kandidaten sin samla kompetanse.

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad innan økonomi og/eller rekneskap. Lang yrkeserfaring innan økonomi/rekneskap kan kompensere for utdanningskravet.

I tillegg til krava ynskjer vi ein person med:

  • God IT-kompetanse og systemforståing
  • God skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

I tillegg til det vi har nemnd tidlegare ser vi gjerne at du:

  • Har god kommunikasjonsevne
  • Er utviklingsorientert, initiativrik og fleksibel
  • Er sjølvstendig
  • Er serviceretta og omgjengeleg

Vi tilbyr

  • God opplæring og oppfølging
  • Fleksibel arbeidstid
  • Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale

Arbeidsvilkår, pensjon og forsikringar er i samsvar med kommunal tariff.

Vi har som mål å få gjennomført intervju av aktuelle kandidater i veke 19 og 20.


Anna informasjon

  • Vestland fylkeskommune nyttar nynorsk som hovudmål
  • Alle nytilsette har ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Konsulent,
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Regnskap
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Økonomi, Regnskap, Fleksibel arbeidstid, Rådgiving, Bachelorgrad

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Vara
Stillingstittel
leiar
Telefon
41 53 09 61
Følg firma
1075 følger dette firmaet

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 346954247
Sist endret 5. apr. 2024 14:35

Rapporter annonse