Utløpt

Barnehagelærar/pedagog

Arbeidsgiver
Læringsverkstedet Krikane Barnehage AS
Stillingstittel
Barnehagelærar/pedagog
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Læringsverkstedet Krikane har ledig 100% vikariat og 70% fast som barnehagelærar frå august 2024. Vi søkjer etter deg som har evne til å lese barna sine behov, viser entusiasme i møte med barna, og er god på relasjonar og leiing.Er du ein aktiv vaksen som ikkje er redd for å by på deg sjølv? Då er du den vi ser etter!

Læringsverkstedet Krikane opna i 2007, og er ein 4-avdelingsbarnehage. Læringsverkstedet Krikane har ein flott og stor uteplass med gode moglegheiter for aktiv utfolding, og vi ligg i "midt i smørauget" for turmoglegheiter. Vi er i nærleiken av sjø, skog og idrettsbane, og den nye sentrumsskulen ligg berre eit steinkast unna.

Våre satsingsområder er hjertekultur og motorisk utvikling. Hovudmålet med hjertekulturen er å skape ei god og trygg atmosfære, og eit inkluderande barnehagemiljø. Det er i trygge rammer utvikling og læring skjer. Hos oss skal barna få oppleve og erfare inkludering og likeverd. Vi jobber med å støtte barna si utvikling av relasjonar og sosial kompetanse. I tillegg er vi ein del av prosjektet Solid Start Sykkylven saman med dei andre barnehagane i bygda der vi følg eit årshjul for motorisk utvikling. Dette skal vere leikbasert og kjekt.

I alle Læringsverkstedbarnehagar har vi eit matkonsept som heiter "Eit godt måltid" som er utvikla av pedagogar samen med Arne Brimi og Ryfylkekokken Frode Selvaag. Vi serverer alle måltid i barnehagen og er opptekne av næringsrik mat og eit variert kosthold. Barna skal vere med på tilbereding og opprydning, og måltidet skal vere ein pedagogisk arena.

I Læringsverkstedet Krikane skal det vere godt å vere barn, forelder og tilsett. Derfor er det viktig at du er hyggelig, raus og serviceinnstilt. Ei positiv innstilling med eit ønskje om å gjere andre godt er ei viktig haldning for oss.

Nokon tilsette har jobba her sidan barnehagen opna, medan andre har kome til undervegs. Vi har eit stort spenn i alder og erfaring hos våre medarbeidarar. Her samarbeider alle om å få verdas viktigaste verdiar til å vekse.

Vi gler oss til å få inn personer som kan berike vårt faglege miljø, og som kan vere ein positiv bidragsytar til vårt arbeidsmiljø og kultur innad i barnehagen.Vi som jobber i Læringsverkstedet Krikane er ein flott gjeng med mange ulike kvalitetar. Vi er opptekne av å ha eit godt samarbeid innad, med foreldre og med eksterne instansar og vi er ein gjeng som vil kvarandre vel. Vi gler oss til å bli kjent med deg, og håper at du har lyst til å bli ein del av vårt team!


  • Personleg eignaheit vil vektleggast
  • Politiattest må leggast fram før tiltreding (jmf barnehageloven § 30)

Arbeidsoppgåver

  • Vere med å bygge ein sterk kultur i vår barnehage der verdiplattforma ligg i botn
  • Ansvar for å skape ein god og trygg kvardag for barna
  • Legge til rette for eit godt foreldresamarbeid, forbereding og gjennomføring av foreldresamtaler
  • Aktiv deltaking i leik og kvardagsaktivitetar, samt praktiske gjeremål på avdeling
  • Ivareta barna sine behov gjennom leik og omsorg, både inne og ute
  • Rettleie og støtte det øvrige personalet i det pedagogiske arbeidet og vere ein god rollemodell for barn og kollegaer, delegere arbeidsoppgåver til personalet og sikre at måla på avdelinga blir nådd
  • Sikre ein effektiv organisasjon med eit godt arbeidsmiljø, bl.a. etterleving av Læringsverkstedet sin kvalitetsstandard "Trygghet - Varme mennesker - Faglig best"
  • Bidra til kompetanseheving i barnehagen, vere med å utvikle det pedagogiske tilbodet og dele kunnskap om barna si læring og utvikling
  • Planlegge, utføre og evaluere oppgåver knytt til det pedagogiske arbeidet på avdeling og medansvar for gjennomføring
  • Halde deg fagleg oppdatert, samt delta på kurs og fagopplæring som tilbys
  • Vere ein raus og tydeleg pedagog, og delta aktivt i barnehagen sitt leiarteam

Kvalifikasjonar

  • Godkjent 3-årig utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar
  • Meget gode norskkunnskapar både skriftleg og muntleg, minimum B2 (jf. barnehageloven § 27)
  • Faglege ambisjonar og hjerte for det du driv med
  • Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barns leik og utvikling
  • Gyldig politiattest
  • Ei god helse, slik at du kan vere ein aktiv vaksen saman med barna og kunne iverksette sikkerheitstiltak
  • God struktur og evne til å kommunisere godt med andre, samt god relasjonell kompetanse
  • Gjerne ha erfaring frå arbeid i barnehage
  • Du er ein leiar som leiar

Personlege eigenskapar

  • Ein som identifiserer seg med Læringsverkstedet sine verdiar – "Leken og ambisiøs, Raus og tydelig"
  • Stort engasjement for barna sin oppvekst og ei positiv haldning
  • Relasjonsorientert person som ser kvart enkelt barn
  • Vere ein pedagog som er god, varm, tydeleg og omsorgsfull, og kan vere ein tryggleik for barna våre, foreldra og kollegaer
  • Løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. For å lykkast i rolla må du kunne kommunisere med mennesker med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar
  • Kunne jobbe sjølvstendig og i team, og har høg gjennomføringsevne
  • Kunne leie deg sjølv, barn og kollegaer
  • Kreativ, initiativrik og leiken
  • By på deg sjølv, og vere ein kollega resten av personalet gler seg til å møte
  • Faglege ambisjonar og hjerte for det du driv med, har driv og evne til å arbeide godt og effektivt, samt likar nye utfordringar
  • Strukturert, systematisk og har auge for detaljar
  • Forståing av små barn si utvikling og behov, og evne til å tilrettelegge for progresjon

Vi tilbyr

  • Tariffavtale gjennom PBL og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Eit arbeidsmiljø prega av humor og rause kollegaer
  • Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
  • Læringsverkstedet sitt løfte til alle tilsette: "Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og menneskeleg, og gjere verdas viktigaste jobb på best mogleg måte"
  • Kompetanseutvikling gjennom Læringsverkstedet Akademiet og jevnlige samlingar
  • Delekultur: Vi deler den kunnskapen vi har med kvarandre og håper du har nokon nye og spennande idèar du kan dele med oss. Vi samarbeidar med andre Læringsverkstedet barnehagar
  • Ressursbank for alle tilsette med tilgang til mykje felles materiell, elektroniske verktøy, ferdiglagde malar og støttesystem
  • Store moglegheiter til å påverke din eigen arbeidskvardag
  • Om du brenn for matlaging, kost og ernæring er det òg ei moglegheit å vere pedagog med ansvar for "Eit godt måltid", eller ansvar for barn med spesielle behov

Om arbeidsgiveren

Læringsverkstedet har 6 000 ansatte som jobber med de viktigste verdiene som finnes, nemlig barn. Vårt mål er å få disse verdiene til å vokse – i kunnskap og mestring, i trygghet og empati. Med 250 barnehager og 20 000 barn, er Læringsverkstedet en av Norges største private barnehageeiere. Læringsverkstedet eies og drives av pedagoger, og selskapets hovedkontor med fellesadministrasjon ligger på Jessheim i Ullensaker kommune. Les på https://laringsverkstedet.no for mer informasjon.

Vi ser etter medarbeidere som ønsker å bidra og gi av seg selv, som evner å lytte til andre, dele erfaringer og styrke felles ambisjoner. Viljen til hele tiden å bli bedre, både faglig og menneskelig, er en forutsetning for alle som jobber i Læringsverkstedet. Læringsverkstedet har et løfte til alle ansatte: "Hos oss har du alle muligheter til å utvikle deg både faglig og menneskelig, og gjøre verdens viktigste jobb på best mulig måte."

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Haugsetvegen 57, 6230 Sykkylven
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Barnehagelærar, Pedagog, Fast, Vikariat, Deltid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eva Helen Haram
Stillingstittel
Styrar
Telefon
92 12 21 98
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Haugsetvegen 57, 6230 Sykkylven

Annonseinformasjon

FINN-kode 346935798
Sist endret 4. apr. 2024 11:32

Rapporter annonse