Inaktiv

Rådgjevar - prosjektøkonomi

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Rådgjevar - prosjektøkonomi
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for økonomi har ledig inntil to faste stillingar i 100% som rådgjevar.

Om stillinga:

Innan utdanning og forsking har HVL eit stort prosjektomfang med eksterne finansieringskjelder som følgjast opp særskilt økonomisk. Dette kan for eksempel vere finansiering frå NFR, EU, organisasjonar, næringsliv og statlege direktorat. Desse prosjekta må følgjast opp i heile prosjektfasen med budsjett inn mot søknadar og rapportering og rekneskapsoppfølging i samarbeid mot prosjektleiarane og fakultet undervegs i prosjektet si levetid.  Stillinga er del av eit team med fleire prosjektøkonomar, og vil i hovudsak vere knytt til eit av våre tre fakultet.

Arbeidsplass er Sogndal, Bergen, Stord eller Haugesund, avhengig av søkjar sitt ønskje. Det er i dag prosjektøkonomar tilsett på alle desse fire lokasjonane.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere:

  • Yte god støtte og rådgjeving til fageiningane, prosjektleiarar og eksterne bidragsytarar
  • Bidra med budsjettering i søknadar til eksterne finansieringskjelder
  • Ivareta rekneskaps-, budsjett- og prosjektoppfølging
  • Ivareta opplæring av prosjektleiarar
  • Bidra ved intern og ekstern rapportering på prosjekta
  • Ivareta prosjektoppfølging ved tertial- og årsoppgjørsrapporteringar
  • Utarbeide oversikter, rapportar og prognosar til prosjektleiarar og fageiningar ved behov
  • Delta og bidra til utvikling og vedlikehald av interne rutinar, retningslinjer og system
  • Bistå ved utarbeiding av kontraktar og avtaler knytt til BOA (bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet)
  • Andre oppgåver i økonomiavdelinga

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på bachelor eller masternivå, med økonomirelatert innhald

 

Anna kompetanse:

  • Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeidsområde - spesielt prosjektarbeid mot Norges Forskingsråd og EU-prosjekt
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
  • God rekneskapsforståing - erfaring med Unit4 UBW er ein fordel

 

Personlege eigenskapar:

  • Arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Proaktiv
  • Nøyaktig
  • Stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ien føresetnad for å tiltre stillinga.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan kome til bruk i handsaming av søknadane.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Nestleiar Elise Aabel Eriksen

Tlf.: 53 49 13 25 / 950 26 343

E-post: elise.eriksen@hvl.no


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
HVL si Avdeling for økonomi er leia av økonomi- og arealdirektør, som har det overordna ansvaret for området. Til det ligg ansvaret for HVL si samla økonomifunksjon, arealforvalting, drift og prosjektoppfølging. Avdeling for økonomi består av 32 personar, fordelt på 5 faggrupper, der prosjektøkonomi er ei av desse, og faggruppa utgjer 12 prosjektøkonomar.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sogndal, 6856 Sogndal
Flere arbeidssteder
  • INNDALSVEIEN 28, 5063 Bergen
  • KLINGENBERGVEGEN 4, 5414 Stord
  • BJØRNSONS GATE 45, 5528 Haugesund
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elise Aabel Eriksen
Stillingstittel
Nestleiar
Telefon
95 02 63 43
Følg firma
968 følger dette firmaet

Sogndal, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 346807502
Sist endret 29. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse