Inaktiv

Jurist eller samfunnsvitar og interessert i integreringsfeltet?

Arbeidsgiver
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Stillingstittel
Jurist og samfunnsvitar
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med AID! Velkommen til våre sider!

Jurist og samfunnsvitar

Om stillingane

Ønsker du deg interessante og utfordrande oppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse? Vi søker to engasjerte medarbeidarar til eit fagområde med høg politisk oppmerksemd.

Vi har ledig to faste stillingar i Integreringsavdelinga i seksjon for arbeidsmarknadsintegrering og juridiske oppgåver. Ei av dei to stillingane kan vere aktuell for ein samfunnsvitar.

Seksjonen har ansvar for arbeidsmarknadsintegrering av flyktningar, og forvaltar ordningar som introduksjonsprogrammet, norskopplæring for vaksne innvandrarar og Jobbsjansen.

Integreringsavdelinga forvaltar tre lover - integreringslova, statsborgarlova og tolkelova. Seksjonen har ansvar for det juridiske arbeidet i avdelinga, medrekna oppfølging av lovene og koordineringa av det tverrdepartementale lovarbeidet som har oppstått som følge av det høge talet fordrivne frå Ukraina.  


Arbeidsoppgåver

Som jurist hos oss vil du arbeide med regelverksutvikling, lovfortolking og utgreiingsarbeid innanfor heile integreringsfeltet. Aktuelle oppgåver er lovutgreiingsarbeid, svare på spørsmål om lovfortolking, avgjere klagesaker og andre juridiske saker innanfor avdelinga sitt fagområde.

Som samfunnsvitar hos oss vil du mellom anna arbeide med arbeidsmarknadsintegrering av flyktningar. Aktuelle oppgåver er politikkutvikling, delta i eller ha ansvar for oppfølging av ein eller fleire av ordningane på feltet, og følge med på utviklinga av politikkområdet gjennom forsking og statistikk, skrivearbeid mm. 

Arbeidet er ofte organisert i større eller mindre prosjekt. Ei typisk arbeidsveke er variert og kan innebere alt frå møter med politikarar om aktuelle saker, møter med underliggande direktorat, eller at du kvalitetssikrar vurderingar ein kollega har gjort. Du må vere komfortabel med at arbeidskvardagen kan vere uføreseieleg og innhaldsrik. Du kan raskt bli sett til å arbeide med nye problemstillingar.


Kva slags bakgrunn har du?

  • Du har juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap eller master i samfunnsvitskap med gode resultat.
  • Du er interessert i AID sitt samfunnsoppdrag, og har god samfunns- og rolleforståing.
  • Det er ein fordel om du har erfaring frå statleg forvalting.
  • Det er ønskeleg at du har kjennskap til, eller erfaring frå departementet sitt ansvarsområde.
  • Du må ha solid og relevant erfaring frå integreringsfeltet og/eller lovarbeid for å bli tilsett som seniorrådgivar. 

Nyutdanna er velkomne til å søke. 

Alle søkarar må laste opp vitnemål og attestar. Vi ber om at du bruker vitnemålsportalen til å laste opp vitnemål.

For å bli tilsett må du kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert AVGRENSA etter tryggingslova.

Vi bruker Semac bakgrunnssjekk i utvalde rekrutteringsprosessar. 


Kven ser vi etter?

Du:

  • kommuniserer godt både skriftleg og munnleg, og evner å legge fram kompliserte saker for kollegaer og politikarar
  • trivst i samarbeid med andre, og gjer deg sjølv og andre gode gjennom samarbeid
  • er sjølvstendig og arbeider systematisk og grundig
  • er analytisk og set deg raskt inn i nye problemstillingar
  • tek initiativ og trivst med ein hektisk arbeidskvardag

Som medarbeidarar i departementet skal vi vere fagleg engasjerte, ta ansvar, vere gode lagspelarar og utvikle og forbetre.


Kva får du hos oss?

  • Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer. Vi legg vekt på å gi ansvar og tillit, men òg rettleiing i eit godt arbeidsfellesskap.
  • Du vil få nærleik til politiske avgjerder.
  • Om du blir tilsett som førstekonsulent, rådgivar eller seniorrådgivar, avheng av kvalifikasjonane og erfaringa di.
  • Lønn vil ligge mellom 516.800 og 845.900 kroner (lønnstrinn 52-79) avhengig av kvalifikasjonane dine. Er du særleg godt kvalifisert til stillinga, kan vi vurdere noko høgare løn.
  • Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning  gjennom Statens pensjonskasse som òg har eit av marknadens rimelegaste bustadlån. 
  • Du får også høve til å trene i arbeidstida.

Les dette før du søker

  • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
  • Arbeidsspråket er norsk.

Om arbeidsgiveren

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inkluderingspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.
Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet.
Vi er om lag 240 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Integreringsavdelinga har ansvar for å utvikle og samordne regjeringa sin inkluderings- og integreringspolitikk. Avdelinga har mellom anna ansvar for busetting av flyktningar, kvalifisering av vaksne innvandrarar, mangfald i arbeidslivet, førebygge negativ sosial kontroll, statsborgarskap, tolking i offentleg sektor, sivilsamfunnet si rolle på integreringsområdet, samt tilskot til kommunar og frivilligheita.Avdelinga har ansvar for etatsstyringa av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), og gir oppdrag til Bufdir, HK-dir og UDI.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Akersgata 64, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Samfunnsviter

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Toril Melander Stene
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
91 14 01 08
Følg firma
886 følger dette firmaet

Akersgata 64, 0180 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 346787961
Sist endret 22. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse