Inaktiv

Vil du skape gode kundeopplevingar?

Arbeidsgiver
Sparebanken Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Kunderådgjevar Kundesenter
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sparebanken Sogn Og Fjordane

Kundesenteret skal begeistre kundane våre gjennom gode kundeopplevingar når kunden tar kontakt på telefon, chat eller e-post. Avdelinga er i stadig utvikling og endring, og vi har ledig stilling som kunderådgjevar. Kommuniserer du tydeleg, er engasjert, motivert, samt trivast med kundekontakt? Då bør du søkje jobb hos oss!

Vi ser etter deg som ser kundane våre. Du kartlegg behova deira og finn dei riktige løysingane for dei. Som kollega er du ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å løyse kundebehov på. Du har relevant utdanning, eller erfaring frå liknande arbeid som kan vege opp for kravet til utdanning.

Arbeidsoppgåver 

  • Sørge for at kundane våre får hjelp i første kontakt med banken
  • Vere ein bidragsytar i arbeidet med å tilby gode løysingar for bank og kunde
  • Ha ansvar for oppfølging av kundar og utvikling av mål og servicegrad
  • Ha fokus på effektivisering og automatisering av interne prosessar i tett samarbeid med forretningsutvikling og lokalkontora våre

Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.

Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv

Arbeidsstad: Førde 

Om du har spørsmål til stillinga kan du kontakte leiar kundesenter, Stine Austreim Hermansen på tlf 959 26 027.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet, og har nær 50 % av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 millardar kroner, og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Sektor
Privat
Sted
Langebruvegen 12, 6800 Førde
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Kundeservice

Nøkkelord

kundeservice, rådgjeving, support, kundedialog, bank

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stine Austreim Hermansen
Stillingstittel
Leiar kundesenter
Telefon
95 92 60 27
Følg firma
102 følger dette firmaet

Langebruvegen 12, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 346764679
Sist endret 22. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse