Inaktiv

Apotekteknikar til Sjukehusapoteket i Haugesund

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Apotekteknikar
Frist
16.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester. Vår ambisjon er å vere fagleg i front, nasjonalt og internasjonalt i sikker og framtidsretta legemiddelforsyning. I pasientbehandlinga levèr vi høgspesialiserte tenester på fleire fagfelt.

Sjukehusapoteket i Haugesund leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til Helse Fonna HF. Vi er om lag 35 tilsette. Sjukehusapoteket har fire avdelingar: Publikum, Produksjon, Sjukehusekspedisjon og Farmasøytiske tenester.

Vi er i gang med å etablere regionalt pakkeanlegg for eindose ved Sjukehusapoteket i Haugesund. Pakkeanlegget skal levera eindosar til alle sjukehusforetaka i Helse Vest HF og skal etter planen stå klart i 2025.
Vi søkjer no ein apotekteknikar som ønskjer seg faglege utfordringar, ein spennande arbeidskvardag og eit hyggeleg arbeidsmiljø. Stillinga blir plassert avhengig av kandidatens kompetanse og apotekets behov.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver kjem an på avdelinga man jobbar i, til dømes:

  • produksjon av cytostatika og andre tilsetningsprodukt i Produksjonsavdelinga
  • reinhald av produksjonsrom og tilhøyrande utstyr
  • kundehandtering i avdeling for Sjukehusekspedisjon, både på telefon og fysisk
  • resept- og ordrehandtering i Publikumsavdelinga
  • kunderådgjeving og omsorgssalg til pasientar og kundar

  • andre oppgåver vil også tilfalle stllinga

Kvalifikasjonar

  • du har autorisasjon som apotekteknikar
  • du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • vi ser etter deg som trivast i ein hektisk kvardag, er nøyaktig og serviceinnstilt
  • du er handlekraftig, sjølvstendig og fleksibel
  • du trivs godt i lag med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Naudsynt opplæring
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinstkomst

Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren


Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Bransje
Farmasi og legemiddel
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Apotektekniker
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

farmasi, legemiddel, sjukehusapotek, apotek, apotekteknikar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lene Svanberg Jakobsen
Stillingstittel
Sykehusapoteker
Telefon
98 84 52 65
Følg firma
196 følger dette firmaet

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 346671275
Sist endret 17. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse