Inaktiv

Farmasøyt til Sjukehusapoteket i Haugesund

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Farmasøyt
Frist
16.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester. Vår ambisjon er å vere fagleg i front, nasjonalt og internasjonalt i sikker og framtidsretta legemiddelforsyning. I pasientbehandlinga levèr vi høgspesialiserte tenester på fleire fagfelt.

Sjukehusapoteket i Haugesund levèr legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til Helse Fonna HF. Vi er om lag 35 tilsette. Sjukehusapoteket har fire avdelingar: Publikum, Produksjon, Sjukehusekspedisjon og Farmasøytiske tenester.

Vi er i gang med å etablere regionalt pakkeanlegg for eindose ved Sjukehusapoteket i Haugesund. Pakkeanlegget skal levere eindosar til alle sjukehusforetaka i Helse Vest HF og skal etter planen stå klart i 2025.

Vi søkjer no ein farmasøyt som ønskjer seg faglege utfordringar, ein spennande arbeidskvardag og eit hyggeleg arbeidsmiljø. Stillinga blir plassert avhengig av kandidatens kompetanse og apotekets behov.

Sjukehusapoteket leverer tenester og legemidlar i heile Helse Fonna og det kan også leggjast til rette for arbeidsstad anna sted i kombinasjon med Haugesund.


Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver vil ligge innan områda vareflyt, kundeservice, sal, produksjon og rettleiing av pasientar og anna helsepersonell
  • Bruk av digitale/teknologiske verktøy i arbeidskvardagen
  • Andre oppgåver kan tilfalle ved behov

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som farmasøyt
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Gode logistikk kunnskapar
  • Gode IKT-kunnskapar med interesse for digitale verktøy og teknologiske løysingar

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel og ansvarsfull
  • Du arbeider nøyaktig og er opptatt av kvalitet i arbeidet
  • Du trivs i eit hektisk miljø og taklar stressande periodar
  • Du er opptatt av å bygge gode relasjoner og samarbeid på tvers av fagområder
  • Du arbeider sjølvstendig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har interesse for bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Naudsynt opplæring
  • Gode kollegar i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst


Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren


Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Bransje
Farmasi og legemiddel
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Farmasøyt
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

farmasi, legemiddel, sjukehusapotek, apotek, farmasøyt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lene Svanberg Jakobsen
Stillingstittel
Sykehusapoteker
Telefon
98 84 52 65
Følg firma
196 følger dette firmaet

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 346652176
Sist endret 17. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse