Inaktiv

Seniorrådgjevar kulturutvikling

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Seniorrådgjevar kulturutvikling
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsstadene i fylket, med over 6000 tilsette.
Ønskjer du å arbeide i eit spanande og innovativt miljø med høve til å påverke samfunnsutviklinga innafor det kulturfaglege området? Då er kanskje dette stillinga for deg.
Vestland fylkeskommune søker etter rådgjevar for ledig 100% fast stilling i seksjon for kulturutvikling, som er ein del av avdeling for kultur og folkehelse.

Avdelinga har lokasjon både i Bergen, Førde og Leikanger, og den som vert tilsett får arbeidsstad Bergen.

Vi ønskjer ein seniorrådgjevar med kompetanse og erfaring både frå planfeltet, kulturfeltet, og kulturpolitikk. Det ligg til stillinga å ha eit heilskapleg blikk på korleis kultur bidreg til den generelle samfunnsutviklinga. Du vil også ha ulike analyse- og utgreiingsoppgåver innanfor kulturområdet, oppfølging av kulturplan og andre planar, samt bidra til generell samfunnsutvikling og samordning.


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av planar/høyringar
  • Følgje opp Vestland fylkeskommune sin vedtekne kulturpolitikk, særleg vedteken regional plan for kultur
  • Tverrfagleg koordinering og prosjektleiing
  • Styrke arbeidet med kunnskapsbasert kulturforvaltning
  • Fagleg dialog og samarbeid med statlege organ, kommunane, kulturinstitusjonar, organisasjonar, akademia og andre relevante fagmiljø.
  • Bidra i arbeid med forvaltning og tilskotsordningar
  • Skrive politiske saker og svar på høyringar
  • Andre oppgåver som naturleg ligg til stillinga

    Kvalifikasjonar

    • Relevant utdanning frå høgskule/universitet på masternivå
    • Erfaring med plan- og utviklingsarbeid, og kjennskap til relevante lovverk
    • Kjennskap til kulturpolitikk og kulturliv
    • Kunnskap om og erfaring med sakshandsaming og offentleg forvaltning
    • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
    • God forståing av digitale verktøy og generell ikt-kunnskap

    Personlege eigenskapar

    • Gode analytiske evner og evne til å sjå samanhenger og heilskap
    • Systematisk, resultatorientert, utviklingsorientert
    • Fleksibel og tilpasningsdyktig i en variasjonsrik arbeidshverdag
    • Gode evner til samarbeid og til å bygge nettverk
    • Evne til presentere fagområdet i ulike samanhengar
    • Evne til både sjølvstendig arbeid og arbeide i team

    Vi tilbyr

    • Ei utfordrande stilling i ein framtidsretta organisasjon der du kan vera med å setta preg på utviklinga i Vestland fylke
    • Eit inkluderande og sterkt fagmiljø
    • Varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver
    • Fleksibel arbeidstid
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Løn etter avtale
    • Moderne og trivelige kontor

    Om arbeidsgiveren

    Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
    Bransje
    Kunst og kultur,
    Offentlig administrasjon
    Stillingsfunksjon
    Rådgivning,
    Saksbehandler,
    Planlegger
    Arbeidsspråk
    Norsk

    Nøkkelord

    kultur, planarbeid, saksbehandling, rådgiving

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Tone Stedal Haugland
    Stillingstittel
    konst. seksjonssjef
    Telefon
    48 99 49 29
    Følg firma
    1075 følger dette firmaet

    Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 346649112
    Sist endret 22. apr. 2024 00:00

    Rapporter annonse