Utløpt

Søkjer dyktig helsefagarbeidar som nattevakt i Lindevika buteneste

Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
23.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Helsefagarbeidar

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsettfunksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til bufellesskap med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenstaer knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen. 


Om stillinga

Miljøarbeidartenesta har 1 ledig stilling som helsefagarbeidar på natt i 93.5% stilling.

Helgevaktstilligar med varierande stillingsprosent og moglegheit for å velge om ein ynskjer arbeid med langvakter, ordinære vaktlengder, kvar andre eller tredje helg. Desse stillingane passer fint å kombinere med studier.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid og burettleiing tilpassa den einskilde sitt behov ut frå vedtak og tiltaksplanar

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjons som helsefagarbeidar

Personlege eigenskapar

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskaper, kjennskap til Visma profil pasientjournalsystem er ønskjeleg
  • Fleksibel, målretta, sjølvstendig og evner å kommunisere godt i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Gode evner til samarbeid med andre.
  • Førarkort for personbil
  • Gyldig politiattest må framleggjast ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.


Om arbeidsgiveren

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Frå august 2023 vert alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande!  
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til samlokaliserte bustader med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenesta er knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen. Austevoll kommune har ny eining under oppbygging i Bekkjarvik som vil fungere som avlastningsbustad med tre omsorgsbustader i tilknytning.

Sektor
Offentlig
Sted
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linn-Beathe Suphammer
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
98 23 29 51
Følg firma
76 følger dette firmaet

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Annonseinformasjon

FINN-kode 346626139
Sist endret 2. apr. 2024 10:21

Rapporter annonse