Heimen Husfliden søkjer ein bunadsansvarleg

Arbeidsgiver
Heimen Husfliden
Stillingstittel
Bunadsansvarleg
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer ein serviceinnstilt bunadsansvarleg for snarleg tiltreding i ei fast 100 % stilling. Du vil vere del av vårt sal- og serviceteam i butikken. Du er ein einar på sal og vil at den unike kundeopplevinga alltid skal vere i fokus. 

Vårt mangfaldige varesortiment er spennande. Vi har Norges største utval av bunadar frå heile landet og vil vere best på husflidssortiment med utganspunkt i norsk og nordisk design og handverk. Tiltredelse frå 01.06.2024 eller etter avtale. 


Dei viktigaste oppgåvene og ansvarsområda vil vere:

Du må vere glad i å jobbe i butikk, du jobbar målretta og ein pådrivar mot å nå salgsmåla dine og likar å møte våre kundar med engasjement og entusiasme. Gjennomføre butikkens gjeldande daglege rutinar som kundebehandling, varelegg, varemottak, registrering av varer m.m.


Å bestille bunad hos oss skal gje kunden kjensla av å få det vesle ekstra. Som bunadsansvarleg har du ansvar for å gje ei god kundeoppleving, framifrå service og oppfølging frå måltaking til den store utleveringsdagen! 

Ansvar for sortiment, inkludert bestilling og fakturering av tilbehør til bunad og oppfølging av leverandørar. Bidra til å løfte kompetansenivået blant våre tilsette. 


Kvalifikasjonar og eigenskaper

Du har minimum 1-2 års butikkerfaring, interesse for bunad og kompetanse innan saum. Du må gjerne også ha svennebrev innan saumfag eller tilsvarande saumutdanning.

Kjennskap til tradisjonelle handarbeidsteknikkar brukt til bunad og dessutan ha kunnskap om tekstil, fiber og stoffkvalitetar. 

Du må vere fleksibel når det gjeld å løyse uføresette hendingar og ha gode grunnleggande datakunnskapar. Stillinga følgjer butikkens rullerande arbeidsskjema. 

Du har gode samarbeidsevner, er sjølvstendig, initiativrik og ansvarsfull. 


Vi tilbyr

Lønn etter avtale.

Ein mangfaldig og spanande arbeidsplass med trivelege kollegaer. 

Varierte arbeidsoppgåver. Ingen dagar er like hos oss!

Ryddige arbeidsforhold.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Personalrabattar.

Om arbeidsgiveren

Heimen Husfliden består av to store husflidsbutikkar i Oslo sentrum. I butikken på Glasmagasinet finst det eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar medan Heimen Husflidens avdeling i Arbeidergata 1 består av ein butikk med variert sortiment og bunadsproduksjon som fokuserer på bunad og bunadstilbehør, i tillegg har vi eit breitt utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar innan norsk og nordisk handverk og design. I produksjonsavdelinga som også ligger i Arbeidergata 1 arbeider tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader.

Sektor
Privat
Sted
Arbeidergata 1,, 0159 Oslo
Bransje
Tekstil,
Annet
Stillingsfunksjon
Butikkansatt,
Håndverker,
Kundeservice
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Andresen
Stillingstittel
Butikksjef
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
9 følger dette firmaet

Arbeidergata 1,, 0159 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 345872090
Sist endret 15. apr. 2024 17:54

Rapporter annonse