Vil du være der det skal byggast?

Arbeidsgiver
VOLDA MASKIN AS
Stillingstittel
Anleggsleiar/Prosjektleiar
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Vi ser etter deg som har evne til å leie våre prosjekt på ein stødig og god måte. Di oppgåve vil vere å sikre lønsam drift og effektiv gjennomføring av våre prosjekt, og du vil
ha ansvar for leiing av menneskelege og materielle resursar. Du må kunne arbeide sjølvstendig men også ha evne til å arbeide og kommunisere godt med andre.
Vi ser etter deg som har auge for gode løysningar og som arbeider strukturert og effektivt, samt har høgt fokus på HMS og kvalitet.

Dine kvalifikasjonar:
  • Fleksibel i forhold til arbeidsplass og arbeidstid. Arbeidet kan medføre behov for både reising og overnatting på prosjekt.
  • Løysningsorientert, sjølvstendig og evne til å ta ansvar.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå anleggsbransjen.
  • Utdanning eller kursing innan prosjekt- og anleggsleiing. Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt og kunne vege opp for manglande formell kompetanse.
  • Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B og BE.

Vi kan tilby:
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.
  • Moglegheit for fagleg utvikling.
  • Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

For meir informasjon og innlevering av søknad og CV, sjå vår nettside
www.voldamaskin.no eller kontakt Margrete Høydal, e-post margrete@voldamaskin.no.
Søknadsfrist er snarleg. Kandidatar vil verte vurdert fortløpande.

Om arbeidsgiveren

Volda Maskin AS har sidan starten av 1990 bygd opp ei solid og allsidig bedrift med stort fokus på
kompetanse, kvalitet og samarbeid. Vi har sentral godkjenning, er ISO-sertifisert og godkjent
lærebedrift innan fleire fagområde. Med 70 tilsette og ein moderne maskinpark er vi godt rusta til å
ta på oss alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Vi har hovudkontor i Volda, og våre
prosjekt ligg hovudsakleg i Møre og Romsdal og Vestland fylke.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Furene 42, 6105 Volda
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Håndverker / Bygg/Anleggsleder,
Prosjektledelse

Nøkkelord

Anleggsleder, Bygg og anlegg, Byggeprosjekter, Samferdselsplanlegging, Prosjektleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vibeke Antonsen
Stillingstittel
Senior Advisor
Telefon
41 66 65 80
Kontaktperson
Margrete Høydal
Stillingstittel
HR-leder
Telefon
95 89 76 42
Følg firma
3902 følger dette firmaet

Furene 42, 6105 Volda

Annonseinformasjon

FINN-kode 345823547
Sist endret 15. apr. 2024 10:21

Rapporter annonse