Inaktiv

Eigedomsrådgjevar/Eiendomsrådgiver

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Frist
17.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen

Eigedomsrådgjevar/Eiendomsrådgiver

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Om stillinga:

Universitetet i Bergen er med sine 20 000 studentar og vel 4500 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.

Eigedomsavdelinga (EIA) har ansvar for forvaltning, utvikling, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse med rundt 95 bygningar og over 400 000 m2, inkl. innleige av ca. 130 000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Større satsingar og seksjon for Fagstøtte og Stab. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Prosjektseksjonen har ansvar for arealforvaltning i tillegg til det administrative ansvaret for gjennomføring av nybygg, ombyggingar, rehabilitering, vedlikehaldsprosjekt, miljø og Interiør. Seksjonen omfattar i dag 21 stillingar, deriblant tre stillingar i eining for strategisk eigedom- og arealstyring (arealgruppa). Arealgruppa skal styrkast med ei ny stilling.

Eigedomsrådgjevar
Eigedomsavdelinga ved UiB søkjer eigedomsrådgjevar til ei fast 100 % stilling tilknytt gruppe for strategisk eigedoms- og arealstyring (arealgruppa).

Eigedomsavdelinga er ein profesjonell eigedomsforvaltar, leigetakar og byggherre i Bergen. Vi søkjer ein dyktig og motivert kollega for å handtere delar av porteføljen og legge til rette for det best mogelege lærings- og forskings-miljøet for våre studentar og forskarar.
Med ansvar for nær 100 bygg, frå byvillaer til idrettsanlegg og avanserte laboratoriebygg, tør vi påstå at vi er en av Bergens mest spanande arbeidsplassar for deg med interesse for eigedom. Hjå oss blir du ein del av flinke, framtidsretta kollegaer med brei og variert kompetanse som spenner om heile fagfeltet.

UiB har ei rekkje bygg med kulturhistoriske og arkitektoniske kvalitetar som det er viktig å ta vare på. Vi har miljø høgt på agendaen og arbeider kontinuerleg med utnytting, gjenbruk og tilpassing av eksisterande lokale med mål om å bli klimanøytrale.

Som eigedomsrådgjevar bidreg du til å halde oversikt over viktig styringsinformasjon som arealbehov, kontraktar, eigedomar og vesentlege kostnadstal. Eigedomsrådgjevarane er EIA sitt faste kontaktpunkt med ulike brukarmiljø. Arealgruppa arbeider for ei samordna arealforvalting på tvers i Eigedomsavdelinga med mål om å levere areal som underbygger kjerneverksemd av høg kvalitet for studentar, tilsette og øvrige brukarar.


Arbeidsoppgåver:

Stillinga rapporterer til leiar av gruppe for strategisk eigedoms- og arealstyring og har mellom anna fylgjande arbeids- og ansvarsområde:

  • Ansvar for tildelt eigedomsportefølje
  • Ha oversikt over nøyaktige endringsdata tilknytta arealbruk
  • Fast kontaktpunkt for langsiktig oppfølging av brukarmiljøa sine arealbehov i porteføljen
  • Utarbeide analyser og utredningar om areal, arealbruk, kostnader, klimarisiko og utviklings-scenario som grunnlag for heilskapleg styring og utvikling av UiB sine areal, eigedomar og campusområder
  • Arbeide for kostnadseffektiv forvaltning av eigedomane
  • Arbeide for betre utnytting, gjenbruk og tilpassing av eksisterande lokale
  • Forvalte internhusleigeordninga og halde leigekontraktar oppdatert
  • Koordinering i flytteprosesser
  • Arealoptimalisering
  • Oversikt og oppfølging av inn- og utleigekontraktar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Utdanning tilsvarande masternivå innan eigedomsfag, juridiske fag, ingeniørfag, samfunnsvitskap eller økonomi. Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
  • God økonomiforståing
  • Har gode evner til kommunikasjon, og kan uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk

Vi ser det som et føremon at søkjar har:

  • Erfaring innan eigedomsforvaltning
  • Erfaring innan kontraktarbeid
  • Erfaring med porteføljestyring
  • Kjennskap til offentleg regelverk
  • Erfaring frå utgreiingsarbeid
  • Erfaring med kjøp og sal av næringseigedom

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga og vil bli vektlagt:

  • Serviceinnstilt og god på kundehandtering
  • Systematisk og med evne til å sjå oppgåver i ein større samanheng
  • Arbeider målretta både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Viser god gjennomførings- og beslutningsevne
  • Har driv til å utvikle deg gjennom varierte oppdrag
  • Ser digitale løysingar som ei moglegheit

Vi kan tilby:

  • Trivelege kollega med stor fagleg bredde
  • Samansette utfordringar i spennande portefølje midt i Bergen
  • Målretta arbeid for UiB med sine om lag 4000 tilsette og 19000 studentar
  • Heilskapleg læring i eigedomsavdelinga; vi investera, driftar, held ved like og avhender
  • Krav til effektive bygningar som til ein kvar tid skal bidra til framifrå forsking, utdanning, formidling og innovasjon
  • Vidareutvikling tilpassa dine ynskje og våre behov
  • Tilsetting i stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årsløn kr. 657 300 - 708 000 i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn. For særskild godt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare lønn
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd) som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib/
Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass: https://www.uib.no/eia/96627/eiendomsavdelingen-som-arbeidsplass


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: leier av gruppe for strategi- og arealstyring, Bjørn Tore Lavik, mobil 980 22 007, e-post: bjorn.lavik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Sektor
Offentlig
Sted
Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
1205 følger dette firmaet

Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 345818796
Sist endret 18. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse