Inaktiv

Sylvsmidja AS på Voss søkjer sølv-, gullsmedar og produksjonsmedarbeidarar

Arbeidsgiver
Sylvsmidja AS
Stillingstittel
Sølvsmed/Gullsmed/Produksjonsmedarbeidar
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Me søkjer deg som likar praktiske arbeidsoppgåver og handverk. Me vil ha deg med på laget dersom du kan jobba sjølvstendig, men du må også lika å vera ein del av eit stort arbeidslag der alle oppgåver er avhengige av eit godt samspel.   

Du har fagbrev som gull- eller sølvsmed, men kan også ha ei anna fagutdanning innan industriell produksjon eller mekaniske fag. Om du er ufaglært med røynsle frå verkstad, handverks- eller produksjonsbedrift, kan dette kompensera for manglande fagutdanning.

Me tilbyr løn etter avtale og mogelegheit til å verta med i eit team som består av flinke og omgjengelege kollegaer. Me ynskjer ei snarleg tilsetting.  


Søknad med CV kan sendast til post@sylvsmidja.no innan 14. april 2024. 

Om arbeidsgiveren

Med kjærleik for faget har me i 84 år laga smykke og bunadsølv av den ypparste kvalitet i verkstaden vår på Voss. I dag er me den leiande tilverkaren av det som får bunader til å blenkja. I tillegg lagar me produkt retta mot smykke- og gåvemarknaden. Salet av produkta våre skjer i hovudsak i Noreg, men me jobbar òg med ei spanande satsing internasjonalt og har fleire innovasjonsprosjekt gåande.

Bedrifta har 65 tilsette og ein årsomsetnad på ca. 110 mill. Verksemda har over ei årrekkje hatt ein god vekst og ein sunn økonomi.

Sektor
Privat
Sted
Peter Bondes Veg 78, 5704 Voss
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Design / Industri,
Produksjon
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trond Syversen
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
99 20 71 88
Kontaktperson
Gry Ukvitne
Stillingstittel
Produksjonssjef
Mobil
97 66 21 73
Følg firma
9 følger dette firmaet

Peter Bondes Veg 78, 5704 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 345721826
Sist endret 15. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse