Inaktiv

Prosjektleiar veg, vatn og avløp

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Prosjektleiar veg, vatn og avløp
Frist
16.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Veg, vatn og avløp er kritisk infrastruktur i ein kommune. Om du vil vera med å bidra til god kvalitet, solide løysingar og effektivt vedlikehald, då er dette jobben for deg. Me treng deg som ønskjer å leia oppgradering av kommunalteknisk infrastruktur, både utført i eigenregi og ved bruk av innleigd entreprenør.

Kommunalteknikk har ansvar for vassmiljø, forureining, vatn og avløp, renovasjon, handtering av overvatn, vegar og offentlege plassar, leikeplassar, parkar og uteområder. I kommunalteknisk avdeling vil du vera ein del av eit lag med både teknisk og naturvitenskapleg kompetanse.

Klepp kommune har vedteke å arbeida etter FN sine bærekraftsmål, og dei skal leggjast til grunn for vårt arbeid med klima og miljø.


Arbeidsoppgåver

Du skal

- delta i planlegging av, og leia gjennomføring av sanerings- og oppgraderingsprosjekt, veg, vatn og avløp

- bidra med forslag til dei beste løysingane i heile anlegget si levetid

- vera med å hente inn tilbod frå entreprenørar

- ha ansvar for kvalitet og lovkrav på eigne anlegg i gjennomføringsfasen

- ansvar for økonomi og framdrift i prosjekta

- ansvar for informasjon før og under anleggsfasen

- kontrollere kvalitet og utføring i byggeperioden på nyanlegg utført av eksterne utbyggjarar

- bistå driftsavdelingen ved behov

Kvalifikasjonar

Me ser er etter ingeniør eller fagarbeidar med lang, relevant erfaring frå anleggsbransjen.

Du har

- god fagleg kompetanse innan VA-leidningar, kummar, ventilar og VA-grøft

- kunnskap om prosjektgjennomføring og prosjektleiing

- kunne lese og forstå tekniske planar og prosjekteringsgrunnlag

- ha kunnskap om økonomi og økonomistyring av prosjekt

- god kjennskap til anleggsgjennomføring av kommunaltekniske anlegg

- det er ønskjeleg med erfaring frå gjennomføring og leiing av kommunaltekniske anlegg


Personlege eigenskapar

Du må

- ha stor interesse for kommunalteknikk

- ønskje å yte god service

- like å snakke med folk, både innbyggjarar og entreprenørar

- like å jobbe i team

- vera sjølvstendig og våga å ta kjappe avgjerder på grøftekanten

- vera open for ny teknologi og nye løysingar

Vi tilbyr

Fagleg utfordrande, varierte og utviklande arbeidsoppgåver
Lønn etter avtale
Fleksibel arbeidstid
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysninga, og dei til ei kvar tid gjelande lovar, reglar og tariffavtalar. Løn i samsvar med lokal lønspolitikk

Om arbeidsgiveren

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
 
Visjonen vår er "Med blikk for alle".  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Sektor
Offentlig
Sted
Rognevegen 1, 4352 Kleppe
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Ingeniør / VAR-teknikk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

vei, vann, avløp

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Marita Ohr
Stillingstittel
Verksemdleiar
Telefon
95 81 84 10
Følg firma
244 følger dette firmaet

Rognevegen 1, 4352 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 345706791
Sist endret 17. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse