Inaktiv

Vil du vere med i teamet vårt som bioingeniør ved blodbanken?

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Bioingeniør Immunologi og transfusjonsmedisin
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Fonna HF

Vi er på jakt etter 2 nye medarbeidarar som ønskjer å bli ein del av det flotte laget vårt. Om lag 20 dyktige og trivelege tilsette utgjer staben i vår avdeling. Hos oss får du varierte arbeidsdagar med rotasjon på dei ulike arbeidsstasjonane, noko som bidreg til eit spennande og lærerikt arbeidsmiljø. Vi er ein tett samansveiset gjeng som set pris på godt samhald og å ha det kjekt saman på jobb.

Immunologi og transfusjonsmedisin held til i moderne og velutstyrte lokaler i 5. etasje i det nye sjukehusbygget. Vi er stolte av å vere akkreditert av Norsk Akkreditering, og vi oppfyller alle krav til kvalitet og kompetanse i samsvar med NS-EN ISO 15189:2012. Våre laboratoriedatasystem inkluderer ProSang og Unilab 700, som støttar oss i å levere arbeid av høg kvalitet.

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål knytte til stillinga. Vi ser fram til å høyre frå deg! Intervju vert gjennomført fortløpande. Oppstartsdato kan avtalast. Vi oppmodar nyutdanna til å søkje.


Arbeidsoppgåver

  • Blodtypeserologisk analysearbeid
  • Tapping av blodgivarar
  • Komponentframstilling
  • Blodutlevering.
  • Andre arbeidsoppgåver ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør er ein føresetnad
  • Erfaring frå transfusjonsmedisin er ein fordel, men ikkje nødvendig.
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg på høgt nivå
  • Personlig egnethet vektlegges

Hos oss er det viktig at du

  • Er ansvarsbevisst, nøyaktig og arbeidssam
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har høg arbeidsmoral
  • Trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein trivelig arbeidsplass med godt miljø og inkluderende kolleger.
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Bioingeniør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

immunologi, transfusjonsmedisin, blodbank, bioingeniør, laboratorie

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anita Larsen
Stillingstittel
Funksjonsleder
Telefon
52 73 22 80
Følg firma
156 følger dette firmaet

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 345682377
Sist endret 15. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse