Inaktiv

Ungdomsleiar/Ungdomsprest

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Ungdomsleiar/Ungdomsprest
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Vi søker ein engasjert og erfaren ungdomsleiar eller ungdomsprest som kan drive og vidareutvikle ungdomsarbeidet i Os kyrkjelyd.
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd består av dei to sokna Os og Fusa. I Os bur det litt meir enn 20 000 innbyggjarar og kyrkjelyden har 2 kyrkjer, i tillegg til eit stort kyrkjelydshus i Os sentrum, Tunet kyrkje- og kultursenter. Os ligg om lag 3 mil frå Bergen, med godt kollektivsamband til og frå sentrum. Staben med base på Os tel 16 personar og omfattar mellom anna kateket, diakon, administrasjon for sokn og fellesråd, kantor, organist, barne- og familiearbeidar, trusopplæringsmedarbeidar, ungdomsarbeidar, dagleg leiar/kyrkjeverje og tre prestar tilknytta soknet. I tillegg kjem driftspersonale og kyrkjetenarar.
Dette arbeidsfellesskapet treng deg for å bli komplett!
Os er i rask vekst med store barne- og ungdomskull. Årleg konfirmantkull er på rundt 160 ungdommar, og konfirmanttilbodet er delvis samordna med det eksisterande ungdomsarbeidet.

Kyrkjelyden har eit levande ungdomsarbeid. Mange ungdommar har funne ein plass å vere i "Ungdomstunet”, som omfattar båd kor og band, ungdomsgudstenester, opne møteplassar for ungdom, samarbeid med Ungdoms-KRIK, leirar og leiartrening, for å nemne noko.
Trusopplæring til ungdom er forankra i kyrkjelydens trusopplæringsplan, og koordinering av tiltaka for 12-18 år er ein del av denne stillinga. Å finne fram til gode måtar å veve tiltak saman med eit kontinuerleg ungdomstilbod blir eit viktig arbeid framover.
I denne jobben vil du bli kjent med ei fantastisk ungdomsgruppe, i tillegg til dyktige medarbeidarar i stab og ei ressurssterk foreldregruppe. Teamet du vil jobbe i lag med inkluderer mellom anna ungdomsarbeidar i 20%, kateket og diakon. Du får handlingsrom og beslutningsansvar som gjer at du både har fridom og ansvar i arbeidet med å ivareta og utvikle heilskapen i tilbodet for ungdom. Vi ynskjer oss ein ungdomsleiar som både er stødig og trygg i formidling av kristen tru, og som kan skape rom i møte med ungdommar som dei kan trivast og vekse i.
Du blir i tillegg del av teamet kring konfirmantane og større arrangement som den årlege julemessa, der overskotet går til barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden. Det må påreknast ein del kveldsarbeid (primært onsdagar) og helgearbeid.


Arbeidsoppgåver

  • Formidling av kristen og soknet sin visjon "Nær Kristus, nær kvarandre, nær kvardagen" på ein engasjerande og livsnær måte til unge menneske
  • Relasjonsbygging med ei stor gruppe ungdommar, foreldre og frivillige medarbeidarar
  • Planlegging og gjennomføring av sosiale og trygge ungdomsarrangement
  • Konfirmantarbeid i samarbeid med kateket, prest og øvrig stab, primært onsdagar
  • Leiing/leiarstøtte til TenSing-kor/møteplass, primært onsdagar
  • Leiartrening og ungdomsgudstenester i samarbeid med prest/kateket
  • Rekruttere, følgje opp og rettleie frivillige medarbeidarar i ungdomsarbeidet
  • Bruk av sosiale medier til marknadsføring av tiltak og arrangement

Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Erfaring frå kristent ungdomsarbeid og leiartrening for unge
  • Utdanning innan kristendom, teologi og/eller ungdomsarbeid
  • Leiarerfaring er ein fordel
  • Erfaring frå musikkarbeid er ein fordel

Ved tilsetjing legg vi stor vekt på personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.

Personlege eigenskaper

  • Trivst og har erfaring med arbeid blant ungdom
  • Kommuniserer godt med både ungdom og vaksne
  • Har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i effektive team
  • Er strukturert og sjølvstendig i arbeidskvardagen
  • Er medlem av Den norske kyrkja

Den som vert tilsett vil bli bede om å framlegga tilfredsstillande politiattest.

Vi oppmoder alle med hjarte for kristent ungdomsarbeid til å søke og vil etterstrebe å legge til rette for medarbeidarar som har behov for dette.

Vi tilbyr

  • Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
  • Lønn etter avtale/kvalifikasjonar i samsvar med KA sin tariff
  • Spennande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • God pensjonsordning

Kandidatar vert fortløpande kalla inn til intervju.

Om arbeidsgiveren

    

Sektor
Offentlig
Sted
Øyro 49, 5200 Os
Bransje
Kirke og menighet
Stillingsfunksjon
Menighetsarbeid,
Prest
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Ungdomsprest, prest

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigurd Rotvik Tunestveit
Stillingstittel
Dagleg leiar/fung. kyrkjeverje
Telefon
93 86 91 09
Følg firma
175 følger dette firmaet

Øyro 49, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 345602790
Sist endret 15. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse