Inaktiv

Me søkjer

Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Stillingstittel
Pedagogisk-psykologisk rådgjevar
Frist
15.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Pedagogisk-psykologisk rådgjevar

Om stillinga

Spennande stilling i Samnanger PPT.
100 % eitt års vikariat f.o.m. 01.08.2024

Me søker ein viktig medspelar som kan vere ein naturleg del av "laget rundt barnet".

Er du den me søker etter?

PPT støttar skular og barnehagar med å legge til rette for inkluderande, likeverdige og tilpassa pedagogiske tilbod for barn og unge. PPT Samnanger ynskjer å ha fokus på tidleg og tverrfagleg innsats, og hos oss vil du samarbeide med ulike fagmiljø.

Stillinga vil ha fokus på systemretta arbeid og førebygging, samt utgreiing og sakshandsaming i samband med sakkunnig vurdering.


Arbeidsoppgåver

  • Stillinga skal dekke PPT sine sentrale arbeidsoppgåver inn mot barnehagane og skulane i Samnanger
  • Rådgjeving og rettleiing, støtte barnehagane og skulane med kompetanse - og bidra til organisasjonsutvikling
  • Gjennomføre kartlegging, utgreiing og arbeid med sakkunnig vurdering etter barnehagelova og opplæringslova
  • Det kan vere aktuelt med noko utøvande verksemd dersom du har særskilt kompetanse som t.d. logopedutdanning

Kvalifikasjonar

Krav

  • God formell kompetanse innan logopedi, ev. innan spesialpedagogikk, psykologi eller liknande
  • God kjennskap til barnehage og skule, samt god kunnskap om tilpassa opplæring og spesialpedagogisk arbeid
  • God rettleiingskompetanse
  • Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk 
  • Førarkort

Ønskjer

  • Testkompetanse
  • Erfaring med kartlegging og utgreiing
  • Erfaring frå pedagogisk-psykologisk rådgjeving

Personlege eigenskapar

  • Du ynskjer å arbeide for inkluderande barnehage - og skulemiljø
  • Du er trygg på deg sjølv i møte med andre
  • Du har gode samarbeids- og relasjonsevner, og møter andre med respekt
  • Du kan arbeide strukturert, effektivt og sjølvstendig
  • Du er fleksibel og inkluderande
  • Du er motivert og personleg eigna for stillinga

Me tilbyr

  • Varierte og givande oppgåver tett på barn og unge
  • Store moglegheiter for sjølvstende og fleksibilitet
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.


Om arbeidsgiveren

I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
PPT er organisert i eining for Oppvekst og har kontor på kommunehuset på Tysse. PPT-kontoret består pr i dag av PPT-leiar, samt ein utøvande logoped i 40 % stilling.  PPT samarbeider tett med barnehagane og skulane i høve individ – og systemsaker, og har særleg fokus på inkludering, samt i høve god tilpassa opplæring for barn og elevar med særskilte behov.

Sektor
Offentlig
Sted
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Kallevik Hjartnes
Stillingstittel
PPT leiar
Telefon
99 04 03 13
Følg firma
32 følger dette firmaet

Tyssevegen 217, 5650 Tysse

Annonseinformasjon

FINN-kode 345597129
Sist endret 16. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse