Inaktiv

Vi søker deg som vil hjelpe bedrifter med å lukkast!

Arbeidsgiver
SpareBank 1 SMN
Stillingstittel
Senior Bedriftsrådgjevar
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med SpareBank 1 SMN

Vi søker deg som vil hjelpe bedrifter med å lukkast!

Vi har ledig jobb som senior bedriftsrådgjevar ved kontoret vårt i Volda, og ser etter deg som ivrar etter å få til noko ilag med bedriftene i regionen vår. Er du god på å samarbeide, lytte og lære, og har du allereie kreditterfaring frå bank? Då håper vi du vil bli med på laget!

Vi skal legge til rette for at du skal lukkast med det viktige oppdraget ditt, og lover å by på bransjens beste og største verktøykasse for både deg og bedriftene. Der finn du både produkt og tenester, og tilgang på kompetanse.

Som ein del av gjengen vår blir du ein del av noko enda større. Vi er eit fellesskap som jobber med bedrifter og folk. I konsernet SpareBank 1 SMN ligg også selskap som SpareBank 1 Regnskapshuset SMN, EiendomsMegler 1 Midt-Norge, SpareBank 1 Finans, SpareBank 1 Markets, med meir.   

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Rådgjevar og relasjonsbyggar for bedrifter i regionen
  • Sikre gode kundeopplevingar gjennom sal, rådgjeving og kreditthandsaming
  • Jobbe aktivt med eksisterande kundar med fokus på kreditt
  • Jobbe proaktivt med identifisering og rekruttering av nye kundar 
  • Vere ein ambassadør for banken og resten av konsernet, delta i og ta ansvar for marknadsaktivitetar
  • Bidra til at arbeidsmiljøet også framover vert prega av engasjement og samarbeid   

Kvifor velje SpareBank 1 SMN? Vi kan by deg på:

  • Ein kultur prega av meistring, engasjement, vilje til kontinuerleg forbetring og utvikling, læring og deling av beste praksis  
  • Karrieremoglegheiter i eit konsern med fokus på intern rekruttering - stor nok til at det er mange moglegheiter internt – liten nok til at ein vert lagt merke til  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Gode lånevilkår på både bustad og bil i vår eigen personalbank  
  • Moglegheit for å bli medeigar i SpareBank 1 SMN gjennom eige tilsettprogram
  • Tilgang til firmahytter, sosiale arrangement og aktivitetar
  • Ein arbeidsgjevar som er eigd av lokalsamfunnet – og som er opptatt av å gi tilbake til samfunnet og gjere regionen vår til ein betre stad å bu for oss alle: https://youtu.be/33pjzRECNoc 
  • En arbeidsgjevar som er opptatt av mangfald, inkludering, sosialt ansvar og berekraft: https://www.smn.no/barekraft    

Så, kven ser vi etter? Vi trur du har gode føresetnader for å lukkast hos oss om du kjenner deg att i dette:

  • Relasjonsbyggjar som skapar sterke relasjoner til kundane og kollegaene 
  • Strukturert, analytisk, nysgjerrig, sjølvgåande, initiativrik og lærevillig 
  • Motiverast av å jobbe frem resultat i lag 
  • Trivast med å vere med på relevante arenaer som ambassadør for SpareBank 1 SMN 
  • Engasjert og oppteken av næringslivet og regionen vår 
  • Erfaring fra bank, finans, regnskap eller revisjon
  • Relevant økonomisk utdanning (relevant erfaring kan kompensere) 

 

Høyres dette interessant ut? Då oppmodar vi deg om å søke, eller ta kontakt med Regionbanksjef, Sigrun Heltne Vartdal på tlf. 98287839.

PS! Vi inviterer fortløpande til intervju, så ikkje nøl med å sende inn søknad!  

NB! Vi gjer merksam på at det for enkelte stillingar hos SpareBank 1 SMN kan bli aktuelt å innhente ytterlegare informasjon om deg som kandidat. Vi gjennomfører kredittsjekk ved sakleg grunn, og for enkelte stillingar ber vi om politiattest i høve heimlar i lov om finansforetak og lov om forsikringsformidling samt stadfesting frå Brønnøysundregistra om at arbeidstakar ikkje er under konkurshandsaming, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Tilsettinga er avhengig av at det ikkje oppdagast forhold som er til hinder for utøving av stillinga.

Om arbeidsgiveren

SpareBank 1 SMN er det ledende finanskonsernet i Trøndelag og på Nordvestlandet. Vi er lokalisert i 42 kommuner rundt omkring i regionen og har hovedkontoret vårt i Trondheim. Som lokal og selvstendig sparebank føler vi et spesielt ansvar for å stimulere til vekst og trivsel i regionen vår. Vår visjon "Sammen får vi ting til å skje" betyr at vi ønsker å skape resultater og utvikling i samarbeid med våre kunder, partnere og ildsjeler i lokalsamfunnet. Bærekraft og sosialt ansvar er en viktig del av vår identitet. Vi er til sammen 1700 ansatte som jobber med bank, eiendomsmegling og regnskap. Felles for ansatte er at vi alle brenner for å skape gode kundeopplevelser.

Sektor
Privat
Sted
6102 Volda
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Konsulent og rådgivning,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Kundeservice,
Rådgivning,
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi

Nøkkelord

Bedriftsrådgjevar, Kreditt, Senior, Volda, Næringsliv

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigrun Heltne Vartdal
Stillingstittel
Regionbanksjef Sunnmøre og Fjordane
Telefon
98 28 78 39
Følg firma
715 følger dette firmaet

6102 Volda

Annonseinformasjon

FINN-kode 345591237
Sist endret 22. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse