Inaktiv

Rådgivar / Prosjektleiar / Senior prosjektleiar anskaffingar

Arbeidsgiver
Sykehusinnkjøp HF
Stillingstittel
Rådgiver/Prosjektleder/Senior prosjektleder anskaffelse
Frist
17.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med SYKEHUSINNKJØP HF

Sjukehusinnkjøp HF er eit helseføretak som inngår og følgjer opp kontraktar på varer og tenester for spesialisthelsetenesta. Me er ein av dei største innkjøpsorganisasjonane i Noreg og har eit sterkt fagmiljø innan offentlege anskaffingar. No søkjer me nye medarbeidar med kontorstad i Bergen og/eller Stavanger.

Kven ser me etter?
Du har høgare utdanning, gjerne som jurist eller siviløkonom. I utgangspunktet ser me etter medarbeidarar med ein del erfaring innan anskaffingar og kontraktsarbeid.
Hovudoppgåva di vil vera å leia anskaffingar på vegner av sjukehusa i Helse vest innan avdelingane/kategoriane våre.

Det er viktig for oss at du har evne til å leia og gjennomføra anskaffingar og har god merkantil og juridisk forståing. Du bør ha interesse for spesialisthelsetenesta men me er også opptekne av å ha medarbeidarar med kompetanse og erfaring frå andre område og verksemder. Søk gjerne om du kjem frå det private næringslivet.

Det er også viktig for oss at du er strukturert og sjølvstendig, og bidreg til kompetansedeling, har godt humør og trivst i ein organisasjon i endring.Du vil møta profesjonelle kollegaer i eit svært godt arbeidsmiljø, og bli del av eit av dei største offentlege anskaffingsmiljøa i Noreg. Du vil opparbeida deg viktig erfaring innan offentlege anskaffingar og kontraktsarbeid.


Arbeidsoppgåver

  • Leia og gjennomføra anskaffingar, inkludert kontraktsinngåing
  • Anskaffingsfaglegrådgiving, vurdering og rettleiing
  • Sikre implementering av avtaler
  • Bidra til realisering av gevinstar for spesialisthelsetenesta gjennom effektive og gode innkjøp
  • Delta i utviklinga av kategoristrategiar
  • Bidra til utvikling og kompetanseheving for føretaket

Kvalifikasjonar

  • Du har høgare utdanning innan relevante fagområde - gjerne juridisk, økonomi eller helsefagleg. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • Det blir lagt vekt på om du har erfaring frå prosjektmetodikk og -gjennomføring
  • Ønskjeleg med erfaring innan anskaffingar og kontraktsarbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsfull - du er nøyaktig, serviceinnstilt og sjølvstendig
  • Handlekraftig - du tek initiativ, evnar å leia og gjennomføra
  • Kommuniserande - du er tydeleg både munnleg og skriftleg, inviterer til dialog og samarbeider godt
  • Inspirerande - du er kompetent, løysingsorientert og har godt humør
  • Endringsvillig - du er fleksibel og evnar raskt å ta på deg nye oppgåver
  • Heilskapstenkjande - du evnar å sjå Sjukehusinnkjøps bidrag til forbetring av spesialisthelsetenesta

Me tilbyr

  • Fagleg utvikling i eit av Noregs største fagmiljø for offentlege anskaffingar
  • Konkurransedyktige vilkår med lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Livsfaseorientert personalpolitikk
  • Fleksibel arbeidstid
  • Moglegheit for heimearbeid
  • Moderne, trivelege lokale med gode kantine- og treningsfasilitetar

Denne annonsen er på nynorsk - men hjå oss i Sykehusinnkjøp HF kan du nytta begge dei norske målformene. Du vel sjølv kva målform du skriv søknaden i.

Meir om oss
Sjukehusinnkjøp HF er eit landsdekkjande helseføretak delt opp i geografiske divisjonar. Me i divisjon vest støtter i hovudsak sjukehusa i Helse vest. Divisjonen har 60 medarbeidarar, hovudkontor i Bergen, og kontorstader i Stavanger og Haugesund. Me inngår årleg kontraktar på omtrent 5 milliardar kroner. Sjukehusinnkjøp HF jobbar kategoriorganisert og er tett på fagpersonar i sjukehusa. Me er eit ambisiøst anskaffings- og kontraktsmiljø som kontinuerleg arbeider med å forbetra prosessane våre, kvaliteten i anskaffingar og kontrakts- og leverandørforvaltning. Me har også fokus på innovasjon, miljø og samfunnsansvar.

Søknadsprosessen
Søkjarar som blir vurderte som mest kvalifiserte blir kalla inn til intervju. Me har vanlegvis to intervjurundar, med sjekk av attestar og referansar. Alle søkjarar får tilbakemelding på søknadene sine, uavhengig av om dei blir kalla inn til intervju eller ikkje.

Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeida offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservera deg mot oppføring må du oppgi og grunngi dette når du søkjer på stillinga. Du vil bli kontakta viss søknaden ikkje blir innvilga og få høve til å trekkja søknaden, jf. offentleglovas §25.

Om arbeidsgiveren

Sykehusinnkjøp HF er et nasjonalt foretak som leverer anskaffelses- og innkjøpsrelaterte tjenester til norske sykehus. De fire regionale helseforetakene eier foretaket og er samtidig våre oppdragsgivere. Hovedkontoret vårt er i Vadsø, og vi har divisjonskontor i hele landet. Sykehusinnkjøp HF skal ha strategisk og operativt ansvar for innkjøp i hele spesialisthelsetjenesten, og være profesjonell, spesialisert og tilgjengelig for brukerne. Vi skal fremme innovasjon, og være en pådriver for etisk handel og miljøvennlige innkjøp. Se også www.sykehusinnkjop.no.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Richard Johnsens gate, 4021 Stavanger
Bransje
Helse og omsorg,
Annet
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling,
Prosjektledelse
Arbeidsspråk
Norsk,
Norsk

Nøkkelord

Offentlige anskaffelser, Helseforetak, Vest

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjarte Wetteland
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
92 24 42 29
Følg firma
248 følger dette firmaet

Richard Johnsens gate, 4021 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 345581465
Sist endret 18. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse