Inaktiv

Er du vår nye rektor ved Evanger skule?

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Rektor
Frist
12.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Vil du vera med å setja fotspor i vossaskulen?

Det er ledig 100 % fast rektorstilling ved Evanger skule frå  snarast evnt. 1.august 2024 

Evanger skule ligg sentralt plassert i sentrum av Evanger, og har 43 elevar skuleåret 23/24. Du kan lesa meir om skulen her: Skulane i Voss herad - Voss herad

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)


Me søkjer deg som er motivert for å leia ein organisasjon i utvikling og som har visjonar om leiing av ein god skule. Du er i stand til å inspirera og motivera dine medarbeidarar til å nå felles mål og skape gode tenester.
Vossaskulen ynskjer å rekruttere ambisiøse og inkluderande leiarar som står fram som tydelege leiarar, viser retning og som samarbeider med personalet mot felles mål. Me ser etter deg som er framtidsretta, oppteken av skuleutvikling og som er god på kommunikasjon og relasjon.  Me ser etter personar som ynskjer å vera aktive bidragsytarar til å vidareutvikla Vossaskulen som organisasjon. Leiarerfaring og personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.

Me tilbyr

  • Ein arbeidskvardag som gjev meining, meistring og eit profesjonelt handlingsrom
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
  • Eit samarbeidande rektorkollegium med pågangsmot og eit aktivt pedagogisk miljø der det blir lagt vekt på samarbeid samt  fagleg og personleg utvikling
  • Gode støttefunksjonar innan fag, personal og økonomi
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Arbeidsoppgåver:

  • Økonomi og personalansvar
  • Pedagogisk leiing som byggjer på meistringsorientert leiing og bidragsytar til å utvikle profesjonelle læringsfellesskap
  • Leie arbeidet med å utvikla eit trygt, varmt og inkluderande skule og læringsmiljø
  • Leie og motivera tilsette og leggje til rette for fagleg utvikling og felles orientering
  • Forvalta skulen sine ressursar på ein måte som sikrar god trivsel og læring for elevar og tilsette
  • Fylgje opp heradet- og nasjonale føringar for grunnskuleopplæringa

 

Kvalifikasjonar:

  • Du har relevant høgare utdanning, leiarerfaring samt pedagogisk utdanning og erfaring
  • Du har eit moderne syn på læring og framtidsretta pedagogikk, har god innsikt i forsking på skuleleiing og evnar å nytte denne kunnskapen i eigen praksis.
  • Du har gode digitale ferdigheiter
  • Rektorutdanning/leiarerfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt 

Personlege eigenskapar

  • Du er ein synleg leiar som kan stå fram og viser retning
  • Du kommunisera godt, skapar tillit og er i stand til å bygge gode kollektive lag
  • Du er oppteken av å byggje gode relasjonar med elevane, føresette og dei tilsette
  • Du oppteken av å ivareta tilsette, elevar og føresette godt og hensiktsmessig
  • Du arbeider sjølvstendig, viser initiativ og har høg arbeidskapasitet
  • Du er modig, har god gjennomføringsevne, er oppteken av å sjå moglegheiter og har interesse for endringsarbeid og kvalitetsutvikling
  • Du har godt humør, er fleksibel og trivst med varierte oppgåver og til tider høgt arbeidspress

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.

 

 

Om arbeidsgiveren

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor
Offentlig
Sted
Voss tinghus, 5700 Voss
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

rektor, oppvekst, ledelse, personal, økonomi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Nordanger
Telefon
45 60 14 01
Følg firma
170 følger dette firmaet

Voss tinghus, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 345576714
Sist endret 13. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse