Inaktiv

Er du Brasserie og Bar 59`s nye 1. servitør?

Arbeidsgiver
Stord Hotel Drift AS
Stillingstittel
1. servitør 100 %
Frist
16.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Me søker 1. servitør til 100% fast stilling

Me ønsker å styrke vårt restaurantteam, og søker ein omgjengeleg, fleksibel og positiv 1. servitør til Restaurant- og selskapsavdelinga vår.

Brasserie & Bar 59

Brasserie & Bar 59 vart etablert i 2019 og framstår som eit topp moderne fransk brasserie.

Me satsar på lokale norske råvarer, laga og servert i fransk brasserie-stil. Med ein av dei mest innhaldsrike vinkjellarane på Vestlandet, skapar me uforgløymelege mat- og drikkeopplevingar.

I Vinbar 59º kan du som gjest smake sjeldne vinar frå vinkjellaren vår servert på glas, og du finn

og eit rikt utval av norsk sider frå Noregs beste siderregionar.

Den rikhaldige vinkjellaren vår gjer at me arrangerer smakingar av vin, øl og sider og gjerne kombinert med skreddarsydde menyar.

Me søker etter deg som

Har minst eit års erfaring frå à la carte- og bar servering.

Me ønsker at du har Servitørfagbrev- og/ eller er utdanna Sommelier.

Har stor interesse for mat og vin.

Elskar å selge, yta service, har gode kommunikasjonsevner i norsk/engelsk og glimt i auget.

Kan du i tillegg jobba i team, men òg sjølvstendig, har evna til å omstilla deg raskt og ønsker å jobba i eit hektisk og livleg arbeidsmiljø – vil me gjerne at DU søker på stillinga.

Kva me kan tilby;

Ein spanande og variert jobb i ein topp moderne restaurant, saman med dyktige og dedikerte kollegaer.

Fagleg påfyll i form av kurs og smakingar.

Arbeidet inkluderer mellom anna jobb i vår nye vinbar, ala carte-servering, å vera stedfortredar for hovmester og å ha ansvar for selskap i selskapsavdelinga.

Arbeidstida vil variere mellom dag- og kveldsvakter, samt helgar.

Meirarbeid i høgsesong er aktuelt. Ansettelse etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Brasserie & Bar 59º er Stord Hotell sitt eige mat og drikkekonsept der målet er å skape minnerike opplevingar for gjestene våre.
Stord Hotell er det naturlege møtepunktet anten du er på jobbreise eller ønsker for å oppleve Sunnhordland sin vakre natur og kulturskattar eller berre ønsker å slappe av i hyggelege omgjevnader.

Hotellet har i dag 172 rom, 8 fleksible konferanserom med kapasitet til inntil 325 gjester og Vikjo Bad er vår eigen velværeavdeling.
Uansett årstid eller tid på døgnet vert du møtt med ein lun og triveleg atmosfære på Stord Hotell. Me ønsker alle våre gjester ein betre kvardag, anten du reiser i jobb eller fritid, er på konferanse eller har noko å feira.

Sektor
Privat
Sted
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Bransje
Hotell og overnatting,
Reise og turisme,
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Mat og servering,
Mat og servering / Bartender
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

servitør, bar, hotellmedarbeider

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
STORD HOTELL DRIFT AS V/ THOR ODDVAR HAVN
Mobil
45 39 18 98
Følg firma
7 følger dette firmaet

Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 345571610
Sist endret 17. mai 2024 00:00

Rapporter annonse