Inaktiv

Kontrollingeniør, driftskontrakt

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Kontrollingeniør
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Avdelinga for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport, og fremjar regional utvikling. Seksjonen for vedlikehald, drift og beredskap har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane, og å planleggje og følgje opp entreprenørar. Målet vårt er å syte for trygg og god framkomst på fylkesvegane. For å nå dette målet er det viktig med eit godt samspel mellom vedlikehald, drift og beredskap.

Eininga drift sør har ansvar for driftskontraktar sør for Sognefjorden og vi søkjer no ein dyktig kontrollingeniør til vårt team på Stord.


Arbeidsoppgåver

Som kontrollingeniør har du ansvar for å utarbeida kontrollplanar, følgje opp kontraktar og krav til dokumentasjon og informasjon.

Andre sentrale arbeidsoppgåver vil vere:

  • gjennomføre stikkprøvekontrollar på utført arbeid av driftsentreprenørar
  • dokumentere og rapportere på resultat av stikkprøvekontrollane
  • følgje opp og understøtte HMS-arbeidet innafor kontraktsområdet

Kvalifikasjonskrav og personlege eigenskapar 

Aktuelle søkjarar har minimum 3 årig utdanning frå universitet eller høgskole med relevant fagkrins. Dersom du har relevant og lang erfaring innan fagområdet, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan dette kompensere for manglande høgare utdanning.

Du har gode kunnskaper i bruk av IKT- verktøy og god skriftlig og munnleg framstillingsevne på norsk Du må haførarkort klasse B. Dersom du har erfaring frå tilsvarande oppgåver vil det vere ein fordel.

Personlige eigenskapar som vil verte vektlagt:

  • sjølvstendig og strukturert
  • gode samarbeidsevner i eit tverrfagleg fellesskap
  • gode kommunikasjonsevner
  • nøyaktig og kvalitetsbevisst
  • god gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø og vi kan gje deg varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter avtale.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk. Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte
offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Saghaugen 3, 5411 Stord
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ingeniør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

veg, kontrakt, samferdsel

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mariann Kråkenes Jørgensen
Stillingstittel
leiar
Telefon
95 08 87 63
Følg firma
1075 følger dette firmaet

Saghaugen 3, 5411 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 345201034
Sist endret 22. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse