Inaktiv

Prosjektkoordinator - Drift Nord

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Prosjektkoordinator
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylke skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

Avdelinga skal gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg. Ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi skal samordne aktørar med ansvar for tra?kksikring i fylket. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.

Seksjonen Vedlikehald, drift og beredskap (VDB) har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane og å planleggje og følgje opp entreprenørar og økonomi innan tildelte midlar. Seksjonen har eit beredskapsansvar med vaktordning der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller rydde opp og opne vegar som er stengde grunna uvær, skred eller flaum. Vi følgjer opp arbeidet til entreprenørar på drift og elektro. På vedlikehald er oppgåvene mellom anna tinging og oppfølging av dekkelegging, tunneloppgradering og bru- og kaivedlikehald. Det er eit mål å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane. For å få til det er det viktig med eit godt samspel mellom vedlikehald, drift og beredskap,

Vi søkjer no etter ein dyktig prosjektkoordinator med kontorstad Nordfjordeid.


Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver knytt til ulike fagfelt innanfor drift av veg.
  • Arbeid med økonomirapportering, HMS og kvalitet.
  • Fakturabehandling.
  • Saksbehandling av skadesaker.
  • Sakshandsaming av veglister og dispensasjonssøknadar for heile Vestland fylkeskommune.
  • Oppfølging og arbeid i interne system.
  • Bidra i utarbeiding av langsiktige planar og budsjett.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.
  • Relevant utdanning frå fagskule eller høgare utdanning
  • Omfattande og relevant erfaring, samt gode personlege føresetnader kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring innan fagområdet.
  • Det er ein fordel med erfaring frå driftskontraktar, kjennskap til HMS- arbeid og relevante IKT- system.

  • Vi er ute etter ein medarbeidar som er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne.

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar Rune Sverre Sande på telefon; 91887230.

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad.
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø.
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling.
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Anna informasjon

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Stillingstittel vil bli tilpassa til utdanningsnivå. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Lotevegen 23, 6778 Lote
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse,
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

prosjektkoordinator

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Sverre Sande
Stillingstittel
leiar
Telefon
91 88 72 30
Følg firma
1074 følger dette firmaet

Lotevegen 23, 6778 Lote

Annonseinformasjon

FINN-kode 345199076
Sist endret 8. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse