Inaktiv

Vil du arbeide med oppgåver innan landbruk og vilt?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Vil du arbeide med landbruk og vilt?
Frist
16.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Vi treng ein drivande rådgjevar i det viktige arbeidet med å fremme utvikling av landbruk og matproduksjon i Vestland. Og for den rette kandidaten kan vi også tilby spennande oppgåver innan vilt, særleg hjort i hjortefylket Vestland.

Stillinga er i seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv. Dette er ein av fire fagseksjonar i vår avdeling for næring, plan og innovasjon. I vår seksjon er vi omlag 20 personar. Vi arbeider med oppgåver knytt til landbruk, reiseliv, lokalsamfunnsutvikling, marint, vassforvaltning, vilt og mineral. Gjennom arbeidet legg vi til rette for å forvalte naturressursane på ein god måte og utvikle samfunna våre.

Noko reising vil vere ein del av arbeidet. Kontorstaden er Leikanger eller Bergen. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan kontor andre stader der fylkeskommunen har lokale, bli vurdert.


Arbeidsoppgåver

    Dersom du blir tilsett vil du mellom anna få ansvar for å

    • legge til rette for å utvikle landbruket i Vestland
    • delta i prosjekt og tiltak for å gjennomføre årsplanen i temaplan landbruk
    • støtte kommunar og andre aktørar som arbeider med næringsutvikling knytt til landbruke
    • utforme saker som skal til politiske utval
    • vere med på prosjektarbeid som fylkeskommunen leier eller er med på
    • arrangere og delta på samlingar, nettverk og konferansar
    • legge til rette for kunnskapsutvikling og kompetanseheving

    Innovasjon Norge, faglaga i landbruket,Statsforvaltaren si landbruksavdeling og kommunane er viktige samarbeidsaktørar. Temaplan landbruk er utarbeidd i samarbeid med desse aktørane, og set mål for arbeidet. Fylkeskommunen samlar denne partnerskapen til felles innsats for å utvikle landbruket i Vestland.

    For den rette kandidaten ventar ogsåspennande oppgåver innan viltforvaltning, særleg hjort:

    • Samlingar for viltansvarlege i kommunane
    • Rådgjeving overfor kommunane
    • Kunnskapsdeling og kompetanseutvikling
    • Støtteordning for vilttiltak

    Du vil arbeide saman med våre landbruksmedarbeidarar og ha gode fagkollegaer hos samarbeidspartnarane våre. Vi kan til vi viss grad tilpasse oppgåvene til den aktuelle kandidaten.

    Kvalifikasjonar

    Den som vert tilsett må ha:

    • relevant høgare utdanning, helst på masternivå
    • god innsikt i problemstillingar kring landbruk

    Søkjarar med høgare utdanning på bachelornivå og med lang ogrelevant erfaring kan også vere aktuelle for stillinga, men vert då tilsett som spesialkonsulent og ikkje som rådgjevar.

    Det er ein fordel med:

    • erfaring med ålegge til rette for næringsverksemd og utvikling av landbruk
    • god innsikt i viltforvaltning
    • kjennskap til offentleg verksemd

    Personlege eigenskapar

    • Gode samarbeidsevner og positiv innstilling
    • Evne til å ta initiativ og ansvar - og arbeide strukturert og sjølvstendig
    • Utviklingsretta og løysingsorientert
    • Gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg

    Vi tilbyr

    • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
    • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
    • Løn etter avtale
    • Fleksibel arbeidstid
    • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

    Her kan du bli betre kjent med oss:Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune
    Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.

    Andre opplysningar:
    Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

    Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

    Om arbeidsgiveren

    Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Askedalen 2, 6863 Leikanger
    Flere arbeidssteder
    • Lars Hillesgate 22, 5008 Bergen
    Bransje
    Offentlig administrasjon
    Stillingsfunksjon
    Prosjektledelse,
    Rådgivning,
    Saksbehandler
    Arbeidsspråk
    Norsk

    Nøkkelord

    Viltforvaltning, landbruksforvaltning, rådgivning, prosjektledelse, saksbehandling

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Endre Høgalmen
    Stillingstittel
    Seksjonssjef
    Telefon
    95 20 77 89
    Kontaktperson
    Kjersti Sognnes
    Stillingstittel
    Fagkoordinator/seniorrådgjevar
    Telefon
    95 75 87 20
    Følg firma
    1075 følger dette firmaet

    Askedalen 2, 6863 Leikanger

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 345198002
    Sist endret 17. apr. 2024 00:04

    Rapporter annonse