Utløpt

Lærarstillingar

Arbeidsgiver
Bergen kommune
Stillingstittel
Lærarar
Frist
06.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Bergen Kommune

Garnes ungdomsskule har ledig inntil 5 vikariat i 100% stilling, søkjarar må ha eit av faga norsk, matematikk eller engelsk i kombinasjon med eit praktisk fag (kroppsøving, mat og helse, kunst og handverk eller musikk). Ønskeleg med lærarar som kan tenkje seg spesialpedagogikk og alternativ opplæring for elevar som er lite motiverte for fag. Det er sannsynleg at ein av stillingane må ha kompetanse til å undervise i spansk.

Skulen har ca. 450 elever fordelt på 15 klassar på 8., 9. og 10.trinn.

Garnes ungdomsskule ligg fint til på Garnes, 8 minutt med buss frå Arna stasjon.

Vi har eit triveleg arbeidsmiljø og eit nærmiljø med moglegheit for varierte aktivitetar. Skulen arbeider for eit trygt og godt læringsmiljø. Skulen sin visjon er "læring og trivsel for alle".Vi arbeideretter PALS-modellen. Vi har satsing på tilpassa undervisning i ein inkluderande skule. Det medfører to pedagogar i fleire timar, framfor i små grupper. Skulen er praksisskule for Høgskulen på Vestlandet.

I faga norsk, engelsk og matematikk er det krav om 60 studiepoeng, i dei resterande faga er det krav om 30 studiepoeng.

Alle som vert tilsett må kunne vere kontaktlærar. Vi ønskjer lærarar med utdanning innan spesialpedagogikk kombinert med anna kompetanse som er beskrive i utlysninga.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av undervisning.
  • Vurderingsarbeid med ulike vurderingsformar.
  • Legge til rette for elevmedverknad.
  • Kontaktlærararbeid, samarbeid skule- heim.
  • Utviklingsarbeid i klasse, på trinn og for skulen.
  • Samarbeid i team, faggrupper og skule.

Kvalifikasjonar

  • Tydelig og trygg vaksen, har kunnskap om lærings- og klasseleiing.
  • Ansvarsbevisst og strukturert.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, liker å jobbe i team.
  • Gyldig politiattest.
  • Godkjent lærarutdanning. Utdanning frå utlandet må vere NOKUT- godkjent.
  • Må kunne formulere seg særs godt både munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk).

Personlege eigenskapar

  • Sjøvstendig og løysingsorientert.
  • Lærlingsvillig, positiv og fleksibel.
  • Kunne skape og utvikle gode relasjonar.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Kunne stå i ein hektisk kvardag.

Vi tilbyr

  • Ein skule i utvikling og endring.
  • Fagleg og personlig utvikling.
  • Samarbeid og støtte av lærarar og avdelingsleiar.
  • Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Ein spannende, hektisk og utfordrande kvardag.
  • Lønn etter kvalifikasjoner og etter avtaleverk.

Om arbeidsgiveren

Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.



Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
5260 Indre Arna
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

ungdomsskole, grunnskole, undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elin Blom Rivenes
Stillingstittel
None
Følg firma
5731 følger dette firmaet

5260 Indre Arna

Annonseinformasjon

FINN-kode 345196629
Sist endret 22. mar. 2024 14:44

Rapporter annonse