Rådgivar innan økonomi
- Arbeidsgiver
- Møre og Romsdal fylkeskommune
- Stillingstittel
- Rådgivar innan økonomi
- Frist
- 10.04.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Oppgåvene er knytt til driftskontraktar på fylkesvegavdelinga og kollektivavdelinga FRAM.
Fylkesvegane har stor betyding for kvar og ein av oss som bur i fylket og fylkeskommunen er ein vegeigar med høge ambisjonar, der trafikktryggleik og framkome for alle trafikantar er sentrale mål. Kontraktsporteføljen innan vegdrift er på ca. 700 millionar og består av 7 drifts- kontraktar knytt til veg, samt kontraktar innan asfalt, elektro, vegoppmerking og tunnel og bergsikringskontrakt.
Fylkeskommunen v/FRAM har ansvaret for 20 fylkesvegferjesamband på 1,2 milliardar og tre hurtigbåtsamband på ca. 240 millionar. Kontraktsporteføljen innan ferjedrift består av seks kontraktar med til saman tre operatørar. Hurtigbåtdrifta er organisert i ei eiga kontrakt der økonomioppfølginga i dag vert gjort saman med bussdrift.
Arbeidsoppgåver
- Budsjett, rapportering og årsoppgjer for ferje og fylkesveg
- Budsjettarbeid med innlegging i rekneskap
- Innlegging av budsjett i årsplan, oppfølging mot rekneskap
- Å vere ein fagressurs i økonomi for kontraktsforvaltarar på ferje og fylkesveg
- Utarbeide grunnlag for politisk behandling
- Kontakt og samhandling med reiarlag og entreprenørar
- Oppfølging av inntekter
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning innan økonomi, gjerne master og minimum bachelornivå.
Andre utdanningsretningar eller erfaring frå relevant arbeidsområde kan i særlege tilfelle vere aktuelt.
Personlege eigenskapar
Det blir elles vektlagt at søkaren kan arbeide strukturert og sjølvstendig, og med god fagleg gjennomføringsevne:
- Er initiativrik og løysingsorientert
- Har stor arbeidskapasitet og er engasjert
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode samarbeidsevner
- Relasjonelle og kommunikative evner
- Analytisk
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Hjemmekontor
- Delvis hjemmekontor
- Bransje
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk
- Norsk
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Torgeir Bye
- Stillingstittel
- Seksjonsleder
- Telefon
- 90 73 78 73
- Kontaktperson
- Hilde Johanne Svendsen
- Stillingstittel
- Seksjonsleder
- Telefon
- 91 60 75 88
Julsundvegen 9, 6412 Molde