Inaktiv

Ordningsmedarbeidar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Arkivmedarbeidar
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Vi har ledig stilling som ordningsmedarbeidar på Leikanger i Sogndal kommune. Arbeidsoppgåvene er knytt til ordning av eldre og avslutta kommunale arkiv.

Kommunearkivordninga i Vestland er arkivdepot for Vestland fylkeskommune og kommunane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.Vi jobbar for å sikre og ta vare på arkiv som har kulturell eller forskingsmessig verdi eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltingsmessig dokumentasjon. Desse arkiva må ordnast for å vere tilgjengelege for ettertida.

Kommunearkivordninga er del av seksjon arkiv i Vestlandfylkeskommune, saman medfagområda privatarkiv, foto, tradisjonsmusikk, stadnamn og digital kultur.Fylkeskommunen bevarer og formidlar ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Seksjon arkiv er ein del av avdeling for kultur og folkehelseog har om lag 20 tilsette, dei fleste på Leikanger. Vi kan by på brei fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsstad er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.



Oppgåver som ligg til stillinga

  • Reinsking av arkivmateriale
  • Arkivavgrensing
  • Ordning, registrering og listeføring
  • Ekspedering av førespurnader frå oppdragsgivar
  • Deponering av arkivet i tråd med Kommunearkivordninga i Vestland sine rutinar

Den som vert tilsett må vere førebudd på å utføre arbeidsoppgåver knytt til daglig drift.

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha bachelorgrad eller tilsvarande som er relevant for verksemda.Kravet om bachelorgrad kan fråvikast dersom du har spesielt relevant realkompetanse.

I tillegg til dette ønskjer vi vi at vår nye medarbeidar har:

  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid
  • God og relevant it-kompetanse
  • Kunnskap om kommunal forvalting og arkiv
  • Evne til å gjere skjønnsmessige vurderingar i arbeidet
  • Interesse for arbeid med arkiv og historie

Personlege eigenskapar

Vi er på jakt etter deg som likar å arbeide sjølvstendig, effektivt og målretta over tid. Du må vere nøyaktig og ha sans for detaljar og systematikk. Vi vil også legge stor vekt på personlege eigenskapar som engasjement, samarbeidsvilje og formidlingsevne.Det er ein fordel med førarkort for personbil.

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale
  • Gode forsikrings og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å kontakte fagleiar for Kommnearkivordninga - Sigrun Espe: 990 44 666 / sigrun.espe at vlfk.no.

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.


Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Bransje
Arkiv og bibliotek
Stillingsfunksjon
Dokumentasjon,
Kontor og administrasjon
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Arkiv

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigrun Espe
Stillingstittel
leiar
Telefon
99 04 46 66
Følg firma
1074 følger dette firmaet

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 345178596
Sist endret 15. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse