Inaktiv

Havtil treng deg som ønsker å bidra til å redusera arbeidsmiljørisiko i næringa

Arbeidsgiver
Havindustritilsynet
Stillingstittel
Havtil treng deg som ønsker å bidra til å redusera arbeidsmiljørisiko i næringa
Frist
15.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Som ein del av fagområdet arbeidsmiljø i Havtil, vil du delta i spanande oppgåver både i djupna og i bredda, samtidig vil oppgåvene vere spissfagleg og tverrfagleg utfordrande.
Eit godt arbeidsmiljø er viktig for å forebygga helseskade, men er også ein viktig føresetnad for å oppretthalde ein låg storulykkesrisiko. Det er i dette perspektivet og i desse komplekse samanhengane vi jobbar med overvaking av risikobiletet, vegvising og tilsyn med selskapa si styring av arbeidsmiljørisiko i petroleumsverksemda.

Vi ønsker å utvida vår avdeling med ein ny fagperson innanfor ergonomi. Det vil være ein fordel om du også har kunnskap og erfaring innanfor tilgrensande fagområde, som human factors, organisatorisk og psykososialt arbeidsmiljø.

Les meir her om korleis det er å jobbe i Havindustritilsynet?



Arbeidsoppgaver

  • Tilsyn med selskapa si styring av arbeidsmiljørisiko på innretningar til havs og på landanlegg, både under prosjektering, drift og fjerning
  • Bidra i Havtil sitt faglege utviklingsarbeid og strategiutvikling innanfor arbeidsmiljø og tilgrensande fagdisiplinar
  • Vidareutvikling av regelverk og standardar
  • Fagleg rådgiving, informasjon og saksbehandling
  • Følge opp hendingar og ulykker
  • Deltaking i, og oppfølging av, FOU-aktivitetar

Kvalifikasjoner

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, med relevant kompetanse innanfor ergonomi
  • Praktisk erfaring frå arbeid med risikostyring innanfor ergonomi, fortrinnsvis innanfor Havtil sitt forvaltningsområde
  • Praktisk erfaring frå offshore med kartlegging og risikovurdering innanfor ergonomi
  • Kunnskap om ulike verktøy og anerkjende metodar for å vurdere risiko for muskel- og skjelettplagar
  • Det vil være ein fordel med tilleggsutdanning og/eller erfaring frå risikostyring innanfor fagområda human factors, organisatorisk og psykososialt arbeidsmiljø
  • Kjennskap til arbeidsmiljøloven og arbeidsmiljøkrav i petroleumsregelverket
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk og engelsk

    Den som vert tilsett må framlegge gyldig helseerklæring etter forskrift frå Helse- og omsorgsdepartementet. Stillinga har vidare krav til grunnleggande sikkerheits- og beredskapsopplæring for arbeid på sokkelen.

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeidseigenskaper og høg fagleg motivasjon
  • Løysings- og resultatorientert
  • Evne til å jobba strukturert og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Brei kontakt med selskap i næringane og fagmiljø, partane i arbeidslivet og andre myndigheiter både nasjonalt og internasjonalt
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø, samt engasjerte og trivelege kollegaer med høg fagleg kompetanse
  • Gode moglegheiter til vidare kompetanseoppbygging og utviklingsmoglegheiter
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Fadderordning
  • Moderne og innbydande kontorlokale med individuelle kontor på Ullandhaug i Stavanger, gode parkeringsmoglegheiter og bussforbindelse i nærleiken
  • Bedriftsidrettslag og gode treningsfasilitetar i og utanfor huset
  • Ordning med trim i arbeidstida
  • Tilgang til bedriftshytte

Om arbeidsgiveren

Havindustritilsynet skal leggja premiss for og følgja opp at aktørane i petroleumsverksemda held eit høgt nivå innan helse, miljø og sikkerheit, beredskap og sikring og gjennom dette også vera med på å skapa størst mogleg verdiar for samfunnet. Havindustritilsynet har òg fått ansvar for å fylgje opp fornybar energiproduksjon til havs og karbonhandtering. Til dette arbeidet treng vi dyktige og motiverte fagfolk.
Som arbeidsgjevar vil me i størst mogleg grad spegla mangfaldet i samfunnet.  Difor vert alle kvalifiserte kandidatar med ulik arbeids- og livserfaring oppmoda om å søka jobb hos oss. Dette gjeld med omsyn til både kjønn, alder, etnisitet, funksjonsevne og kandidatar som av ulike grunnar ikkje kan dokumentera ei samanhengande yrkeskarriere. 
Havindustritilsynet jobbar aktivt med IA-arbeid, som mellom anna inneber at både arbeidsgjevar og dei tilsette pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå meir inkluderande arbeidsplassar.
Dersom kandidatar opplyser at dei har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller ikkje kan dokumentera samanhengande yrkeskarriere, kan opplysningane bli brukt til statistikkformål.
 
 

Sektor
Offentlig
Sted
Professor Olav Hanssens vei 10, 4021 Stavanger
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Olje og gass
Stillingsfunksjon
HMS
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Arbeidsmiljørisiko, Ergonomi, Human Factors, Organisatorisk arbeidsmiljø, Psykososialt arbeidsmiljø

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Roar Høydal
Stillingstittel
Fagleder
Telefon
51 87 35 89
Kontaktperson
Anne Sissel Graue
Stillingstittel
Sjefingeniør
Telefon
51 87 35 06
Følg firma
371 følger dette firmaet

Professor Olav Hanssens vei 10, 4021 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 345177998
Sist endret 16. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse