Kyrkjelydsarbeidar
- Arbeidsgiver
- Vik kyrkjeleg fellesråd
- Stillingstittel
- Kyrkjelydsarbeidar
- Frist
- 15.04.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Vil du arbeide i eit oversiktleg miljø kor engasjement, tru og omtanke står sentralt?
Likar du varierte oppgåver? Er du sjølvstendig, men også glad i å jobbe i team?
Vik kyrkjeleg fellesråd har ledig 100 % stilling som kyrkjelydsarbeidar frå 14. august 2024. Då er du kanskje vår nye medarbeidar?
Vik kommune, med sine 2550 innbyggarar ligg på sørsida av Sognefjorden med nærleik til fjell og sjø. Vik kyrkjeleg fellesråd er del av Sogn prosti og Bjørgvin bispedømme. Fellesrådet består av 5 sokn; Fresvik, Feios, Vangsnes, Vik og Arnafjord.
I tillegg har me også samarbeid med fortidsminneforeninga som har ansvar for middelalderkyrkjene Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje.
Arbeidsoppgåver
- Delta i å vidareutvikle og gjennomføre trosopplæringsarbeid med særskilt ansvar for for 0-16 år. Dette inkluderer også konfirmantarbeid saman med prest.
- Ha medansvar for informasjon og kommunikasjon knyta til trusopplæringstiltaka
- Ha medansvar i gudstenester der barn og unge er særskilt målgruppe
- Ha medansvar for samarbeid med skule og barnehage
- Medansvar for tilbod til vaksne i kyrkjelyden, gjerne også innan diakoni
- Administrative oppgåver knytta til tenester og drift ved kyrkjekontoret.
- Delta på stabsmøter og anna samarbeidsfora
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, gjerne med kristendom og pedagogikk i fagkretsen
- Realkompetanse kan vege opp for utdanning
- Erfaring i bruk av IKT- verktøy og kjennskap til bruk av sosiale media
- Erfaring frå, og interesse for arbeid med barn og ungdom
- Kunne norsk munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar vert lagt vekt på.
- Søkjarar må vere lojal til Den norske kyrkje (DNK) sitt oppdrag, og medlemmer vert oppmoda om å søkje
- Politiattest jfr. Trossamfunnslova § 20
Personlege eigenskapar
- Engasjement for arbeid med å formidle tru gjennom undervisning og kyrkjelydsbygging.
- Vilje og evner til samarbeid.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og fleksibel
Vi tilbyr
Vi tilbyr tariffløn og gode pensjons- og forsikringsordningar og stor grad av fleksibilitet. Søkjar bør disponera eigen bil.
For informasjon ta kontakt med kyrkjeverje Marit J. Andersen på
tlf. 906 86 227 eller på e-post marit.johanne.andersen at vik.kommune.no
Om arbeidsgiveren
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
- Bransje
- Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon
- Menighetsarbeid
- Arbeidsspråk
- Norsk
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Marit Johanne Andersen
- Stillingstittel
- Kyrkjeverje
- Telefon
- 90 68 62 27
Følg firma
175 følger dette firmaet
Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn