Er du sjukepleiar eller vernepleiar og brenn for eldreomsorg?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Stillingstittel
Sjukepleiarar/vernepleiarar - Natt
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledige stillingar for sjukepleiar/vernepleiar på natt.

Om Luranetunet bu- og behandlingssenter

Kun nokre minuttars køyring fra Bergen ligg Luranetunet bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar, 7 langtidsavdelingar og ein serviceavdeling reinhald, vaskeri, kantine, teknisk.
Luranetunet sin visjon er "Varme og vekst i samspel". Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med  lysthus, bærbuskar, tre og planter. Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.

Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar som har krav på god rettleiing, og vårt helsepersonell er sentrale i dette arbeidet. Vi dokumenterer helsehjelp i Profil og vi har eit elektronisk kvalitetssystem med rutinar og prosedyrar som kvar enkelt er ansvarleg for å halde seg oppdatert på. 
Sjå heimesida vår for meir informasjon: Bjørnafjorden.no eller Luranetunet si facebook side.

Vi ønskjer oss deg som:

  • har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar gjerne med relevant vidareutdanning 
  • har eit hjarte som bankar ekstra for eldre innan demensomsorg
  • deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er engasjert, positiv og villig til å lære
  • er fleksibel og endringsvillig
  • er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt
  • bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til og bidra på ulike nattevaktlag når det trengst

Saman med dyktige kollegaer vil du utføre oppgåver som sikrar høg kvalitet og at brukarane sine rettar blir ivaretatt.
Søkjarar utanfor må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent.

Vi kan tilby:

  • Vi er fleksibel med omsyn til stillingsstorleik  
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Solstrandsvegen 39, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg,
Annet
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier,
Sykepleier / Eldreomsorg

Nøkkelord

vernepleier, sykepleier, eldreomsorg, natt, sykehjem

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ass. einingsleiar Hilde Karin Storum
Telefon
97 67 07 17
Kontaktperson
Avdelingsleiar Anita Kyrkjeteig-Pedersen
Telefon
90 09 31 76
Følg firma
483 følger dette firmaet

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 345171409
Sist endret 26. mar. 2024 08:32

Rapporter annonse