Inaktiv

Sommarjobb på Sjøkrigsskulen,Ulven leir og Bergenhus festning

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Sommarjobb på Sjøkrigsskulen og Ulven leir
Frist
19.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg, med lokasjon på Sjøkrigsskulen, Ulven leir og Bergenhus Festning søkjer sommarvikarar til førefallande vedlikehaldsarbeid i sommarferien frå uke 26-28.
Vi søkjer 4 stk sommarvikarar til Sjøkrigsskulen, 2 stk til Ulven leir og 2 stk til Bergenhus festning.

Oppgi i søknaden kva for ein lokasjon du søker på og kva for nokre veker du er interessert i å jobbe.

Les gjerne meir om oss på www.forsvarsbygg.no


Arbeidsoppgaver

  • Førefallande arbeid, som til dømes maling, rydding av inne- og uteareal osv.

Kven ser vi etter?

For å jobbe hos oss må du vere:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjoner

  • Søkar må vere over 15 år
  • God orden og oppførsel
  • For søkarar over 18 år er det nødvendig å bli tryggingsklarert, som mellom anna krev reint rulleblad og god handtering av personleg økonomi

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 280 640,- - 401 900,- i brutto årleg lønn i følge Statleg lønnsregulativ.

Om arbeidsgiveren


Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Sjøkrigsskoleveien 32, 5165 Laksevåg
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Dagfinn Enæs
Stillingstittel
Områdeleiar
Telefon
47 45 57 58
Følg firma
3068 følger dette firmaet

Sjøkrigsskoleveien 32, 5165 Laksevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 345171222
Sist endret 20. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse