Inaktiv

Ta ei leiande rolle innan helseinnovasjon

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Prosjektleiar
Frist
22.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Helse Vest har kome langt i sin IT-revolusjon med innføring av nye system, konsolidering av systemporteføljen og digitalisering av arbeidsprosessane. Vi har likevel mange spennande og utfordrande oppgåver framfor oss. Prosjekta i Helse Vest sin portefølje har ulik storleik og kompleksitet og omfattar både nasjonale, regionale og lokale satsingar på klinisk og administrativt område. Vi treng engasjerte prosjektleiarar som kan leie an i dette arbeidet.
Våre prosjektleiarar må ha fokus på kvalitet for pasientar og tilsette i helseføretaka, og samstundes levere innanfor avtalt tidsrom og kostnad.

Som prosjektleiar må du evne å lytte til og oppfatte behov, samt evne å skape samhald og god dialog med alle interessentar i leveransane. Du må vere dyktig til å ta avgjersler - og ikkje minst smidig nok til å kunne leie eit prosjekt som endrar kurs når upårekna forhold dukkar opp.
Vi ser etter nokon med erfaring og kunnskap om metodar innan prosjekt/-utviklingsarbeid som reduserer tida frå brukarbehov oppstår til løysing er på plass. Gode brukaropplevingar er ei viktig målsetting i våre løysingar.

Prosjektleiarseksjonen i Helse Vest IKT har over 30 tilsette, og er såleis eit av dei største kompetansemiljøa innan prosjektleiing på Vestlandet. For oss er det eit viktig mantra å spele kvarandre gode, og vi er stolte av eit inkluderande miljø som jobbar for det felles beste og ei berekraftig helseteneste.

Er du ein dyktig og engasjert prosjektleiar som vil løfte eit viktig samfunnsoppdrag vidare? Hos oss vil ditt arbeid kunne skape stor verdiar for eit stort tal menneske, kvar dag.

Kandidatar vert vurderte etter kvart som dei søkjer. Arbeidsstad er i Bergen eller Stavanger.


Arbeidsoppgåver

  • Leieulike prosjekt ogendringsarbeid motneste generasjons IKT-løysingar i Helse Vest
  • Vere med å påverke verksemdsutviklinga og IKT-løysingane gjennom di erfaringog dittengasjement

Kvalifikasjonar

  • Spesialistutdanning, primært innen IKT, med bachelor ellermastergrad
  • Erfaring frå leiing av store IKT-prosjekt i større organisasjonar
  • Kunnskap om produkttenking og -utvikling
  • Erfaring frå samarbeid med eksterne leverandørar
  • Erfaring frå kontraktsoppfølging
  • Erfaring frå prosjekt knytt til utviklings- og endringsleiing
  • Erfaring frå innføring av systemløysingar
  • God kjennskap til moderne rammeverk for utviklings- og endringsarbeid, og tilhøyrande verktøy
  • Evne til arbeid i grenseflata mellom teknologi- og brukarmiljø
  • Kjennskap til helsesektoren er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Gode prosjekt- og teamleiareigenskapar
  • Du er strukturert, systematisk, nøyaktig og resultatorientert
  • Evne til å halde kurs mot målet
  • Evne til å arbeide "smidig"
  • Fokus på å skape gode brukaropplevingar
  • Evne til å motivere og følje opp
  • Gode samarbeidsevner
  • Initiativ og evne til å arbeide sjølvstendig
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, flytande norsk

Vi tilbyr

  • Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje
  • Jobb i ein bransje som står overfor store teknologiske løft, med høve til å forme IT-løysingar for framtidas helsevesen
  • Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, faglege samlingar og kurs
  • Engasjerte kollegaer
  • Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
  • Vi elskar å sjå kvarandre på det nye hovudkontoret vårt på Kronstad X i Bergen,eller dei flotte lokala våre i Innovasjonsparken like ved det nye sjukehuset på Ullandhaug.Å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap. Men vi forstår at mange ønsker seg einhybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for god balanse mellom jobb og fritid

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er et framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å være ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med uvurderleg helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsnivå og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du bli betre kjent med oss og lese meir om kva vi driv med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
Flere arbeidssteder
  • Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Helse og omsorg,
IT
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Prosjektledelse, Prosjektleiing, IKT, IT

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eirik Aaserød
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
98 24 03 84
Følg firma
827 følger dette firmaet

Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 345165745
Sist endret 23. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse