Inaktiv

Sommarjobb Rena

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Sommarjobb Rena
Frist
16.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg på Rena treng sommarvikarar til ulike oppgåver. Vi ønsker å tilsette 3 sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til drift -for eksempelklipping av plenar, rydding og liknande.

Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe.
Sommarjobbane er knytt til anlegga våre på Rena.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.


Arbeidsoppgaver

  • Utandørs vedlikehald
  • Park og hage
  • Førefallande oppgåver

Kven ser vi etter?

For å jobbe hos oss må du vere:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Må vere fylt 18 år
  • Førarkort kl. B
  • Må kunne tryggleiksklarerast og/eller autoriserast
  • Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid

Vi tilbyr

Lønn somhjelpearbeidar (kode 1115),kr. 401 900,- i brutto årleg lønn (ltr.32)i følgeStatleg lønnsregulativ

Om arbeidsgiveren


Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
2450 Rena
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Forsvar og militær
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Håndverker / Hjelpearbeider
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

drift, vedlikehold, ferievikar, gressklipping

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Ottem
Stillingstittel
Områdeleiar Rena
Telefon
92 48 36 80
Kontaktperson
Thomas Faller
Stillingstittel
Distriktssjef
Telefon
40 44 70 74
Følg firma
3069 følger dette firmaet

2450 Rena

Annonseinformasjon

FINN-kode 345157089
Sist endret 17. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse