Inaktiv

Sommarjobb Værnes garnison

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Sommarjobb Værnes garnison
Frist
03.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg søker etter sommarvikarar til Værnes garnison,som skal sjå til at vedlikehald utomhus blir tatt vare på i Forsvaret sine leirar. Vi søker etter vikarar som kan jobbe gjennom heile sommaren,


Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår:www.forsvarsbygg.no/jobb.


Arbeidsoppgaver

  • Arbeidsoppgåvene vil vere relatert til utomhusdrift og kan for eksempel vere grasklipping, kratt- og skogrydding, planting og stell av bed og parkanlegg.
  • Noko vedlikehaldsarbeid i bygg kan vere aktuelt, då primært malearbeid.

Kven ser vi etter?

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter deg som trivast ute og som jobbar sjølvstendig og effektivt.
  • Vi trenger sommervikarar som er over 18 år.
  • Må kunne tryggingsklarerast
  • Ønskeleg med førerkort kl. B
  • Ønskeleg med bakgrunn frå eller kjennskap til malerarbeid, gardsarbeid, gartnerarbeid el.

Vi tilbyr

Lønn somhjelpearbeidar (kode 1115),kr. 401 900,- i brutto årleg lønn (ltr.32)i følgeStatleg lønnsregulativ.

Om arbeidsgiveren


Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
7502 Stjørdal
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øyvind Melhus
Stillingstittel
Områdeleiar
Telefon
90 07 91 01
Følg firma
3068 følger dette firmaet

7502 Stjørdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 345156092
Sist endret 4. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse