Inaktiv

Sommarjobb på Sessvollmoen og Kjeller

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Sommarjobb på Sessvollmoen
Frist
19.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg på Sessvollmoen treng 3 sommarvikarar og 1 sommervikar på Kjeller til ulike oppgåver knytt til drift og vedlikehald som plenklipp, rydding og anna førefallande arbeid på Sessvollmoen i skuleferien, ca. 24-33.

Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe.

Les meir om Forsvarsbygg og søk stillinga på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.


Arbeidsoppgaver

  • Grøntarbeid og nokre mindre driftsoppgåver
  • Førefallande oppgåver utandørs

Kven ser vi etter?

For å jobbe hos oss må du vere:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjoner

  • Må vere fylt 16 år
  • Ønskeleg at nokon av søkarne har førerkort klasse B
  • Det er ein fordel om du har erfaring frå bruk av maskinar/landbruksreiskap
  • Personar som går yrkesfag oppfordrast til å søke
  • Førarkort vil vere ein fordel

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar(kode 1138/1115), frå kr. 280 640 - 401 900,- i brutto årleg lønn i følgeStatleg lønsregulativ

Om arbeidsgiveren


Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
2058 Sessvollmoen
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Morten Corneliussen
Stillingstittel
Områdeleiar
Telefon
48 05 64 55
Kontaktperson
Jakob Prytz
Stillingstittel
Distriktssjef
Telefon
90 78 47 16
Følg firma
3065 følger dette firmaet

2058 Sessvollmoen

Annonseinformasjon

FINN-kode 345152899
Sist endret 20. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse