Utløpt

Barne- og ungdomsarbeidar i Fyresdal barnehage - 100 % fast

Arbeidsgiver
FYRESDAL KOMMUNE
Stillingstittel
Barne- Og Ungdomsarbeider
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med FYRESDAL KOMMUNE

Sektor for kultur og oppvekst søker barne- og ungdomsarbeidar til Fyresdal barnehage i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå 01.05.2024 eller etter avtale.

Fyresdal barnehage er kommunal og har 75 plassar og ca. 15 tilsette. Barnehagen blei renovert og bygd ut i 2015. Det fysiske miljøet inne er lyst og fint, og byr inn til leik og kreativitet. Hausten 2019 blei også uteområdet i Fyresdal barnehage renovert og utvida. Utearealet er stort, med mykje bruk av økologisk materiale og med fri tilgang til skog og nærområde. Hamaren Aktivitetspark ser vi på som ein del av primærområdet til barnehagen og blir ofte bruka. Satsingsområda til barnehagen er sosial kompetanse, språk, uteliv og leik.

Stillinga om barne- og ungdomsarbeidar inneber:

  • Vere i aktiv deltaking med enkeltbarn og barnegruppa
  • Vere god på å danne relasjonar
  • Medansvar til eit trygt og inkluderande miljø for barna 
  • Medansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet
  • Medverke og legge til rette for eit godt samarbeid med foreldre, og for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsabeidar
  • Kunnskap om og interesse for fagleg utviklingsarbeid
  • Bestått norskprøve B1 eller tilsvarande nivå

Vi søker ein person som:

  • Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
  • Har gode samarbeidsevner og relasjonsbyggar
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Likar utfordringar, er fleksibel har og evne til omstilling
  • Har gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Løn etter avtale
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
  • Barnehageplass frå dag ein i kommunen

Tilsettingsvilkår:

  • Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk. 
  • Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato.
  • Den som blir tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. 
  • Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve.

Kontaktperson ved spørsmål: 

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til barnehagestyrar, Kathrin Liltved, på 97 06 46 81 eller kathrin.liltved@fyresdal.kommune.no.

Søknadsfrist:

Søknadsfrist for stillinga er 08.04.2024.

Velkomen som søkar!

Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring. Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov. Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

NB. Vi opplever nokre utfordringar i samband med opplasting av vedlegg til søknadane. Vi ber deg derfor om å laste opp vedlegga dine i PDF-format (og ikkje Word-format). Vedlegga kan alternativt ettersendast via post, e-post eller E-dialog.

Om arbeidsgiveren

Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal!

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

barnehage, barne/ungdomsarbeider

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kathrin Liltved
Stillingstittel
Barnehagestyrar
Mobil
97 06 46 81
Følg firma
10 følger dette firmaet

Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 345150430
Sist endret 3. mai 2024 10:04

Rapporter annonse