Blir du vår nye butikksjef?

Arbeidsgiver
Maskinsenteret Vestland AS
Stillingstittel
Butikksjef
Frist
29.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Til hovudkontoret og butikken vår på Kaupanger treng vi deg som har kjøpmannsteft, er serviceinnstilt og har teknisk forståelse.

Butikken hos oss er samstundes eit kundemottak, og du vil i mange høve bli ansiktet utad i bedrifta. Viktige produkt i butikken er Husqvarna (hus og hage og construction), Varta batteri, IPC Foma og meir generelt eit stort utval forbruksartiklar til kundane våre som er innan landbruk og entreprenør. Vi vil framover satse på eit styrka og betre vareutval tilpassa markedet.

Stillinga inneber utstrakt samarbeid med delelageransvarleg på Kaupanger og delelageret på avdelinga i Førde. Om du ønskjer ein travel og interessant arbeidsdag der du kan utnytte kunnskapen din og utvikle ambisjonane dine, vil du vere den rette butikksjefen hos oss. Du er oppteken av relasjonsbygging og møter kundane våre med eit smil og ser løysingar med kremmerskap. Har du i tillegg kjennskap til kundane og produkta våre er det ein fordel. Våre satsingsområde er sal av traktor og reiskap, samt ettermarknad på desse produkta(verkstad og reservedeler).

Me ynskjer deg som:

  • er utviklingsorientert
  • har lyst til å arbeide med produkta våre (reservedelar/ting som går på ein motor)
  • teknisk interesse og forståing
  • har evne til å setje deg inn i nye ting
  • har teft for sal/kundepleie
  • er serviceinnstilt
  • er strukturert og er van med å bruke dataverktøy i kvardagen din
  • er positiv har stå på -mentalitet!
  • har kremmerånd

For ytterlegare informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med rådgivaren vår hos Headvisor, Per Jorem, tlf. 400 21 560. Send din søknad snarast og seinast mandag 29. april – søknader vert vurderte fortløpande.

Om arbeidsgiveren

Maskinsenteret Vestland AS er eit landbruksmaskinfirma med avdelingar på Kaupanger (Sogndal kommune) og Førde (Sunnfjord kommune). Vi leverer og yter service på traktorar og landbruksutstyr til heile Sogn og Fjordane. Maskinsenteret Vestland as har i 2024 50 års erfaring i sal og service av landbruksmaskiner. Selskapet vart starta av Olav Selseng og Svein Jarle Selseng var første tilsette i firmaet. Begge var aktive gardbrukarar i Sogndalsdalen, og kjende behova til kundane. I dag er vi 19 tilsette fordelt på avdelingar i Sogndal og Førde, og fleire av dei tilsette er eigarar i selskapet. Vi er forhandlar for Valtra traktorar. Andre viktige produkt vi fører er Husqvarna, Pöttinger, Kuhn, Globus, Gigant, Knarrhult, Holms og Reime. Vi har også importørstatus på gjødselspreiarar frå sveitsiske Gafner.

Vi har sterkt fokus på service, og har ein moderne verkstad på Kaupanger. Les meir om oss: Maskinsenteret https://www.maskinsenteretvestland.no/

Sektor
Privat
Sted
Bordvegen 10, 6854 Kaupanger
Bransje
Butikk og varehandel,
Bil, kjøretøy og verksted
Stillingsfunksjon
Butikksjef,
Salg,
Kundeservice
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Kjøpmannsteft, Serviceinnstilt, Kundemottak, Relasjonsbygger, Utviklingsorientert

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Per Jorem
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
40 02 15 60
Følg firma
2327 følger dette firmaet

Bordvegen 10, 6854 Kaupanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 345092893
Sist endret 29. mar. 2024 08:35

Rapporter annonse